Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Dette vil vi ha i pose og sekk

jun 24, 2024, 16:48 e.m. by Nina Sævik

Vi ser dessverre ofte at matavfallsposar og plastemballasjesekkar blir brukte til anna enn det dei er meint for. Feil bruk fører til ekstra arbeid og ekstra kostnader for oss, og dermed også for alle innbyggjarane våre.

 

Så her kjem ei påminning om korleis du  skal – og ikkje skal – bruke posane og sekkane du får utdelt frå oss. 

Berre mat i matavfallsposen 

På bildet over ser vi eit eksempel på feil bruk av matavfallsposen. Her er det lagt plastemballasje i matavfallsposar, og matavfallsposane er deretter lagt i plastemballasjesekkar. Legg plastemballasje rett i plastemballasjesekken, og dropp matavfallsposen. Denne skal sjølvsagt kun brukast til mat.

Matavfallsposane skal heller ikkje brukast til restavfall. Du kan bruke handlenett til restavfallet ditt, eller kjøp posar på rull. Desse får du kjøpt i matbutikkar og mange andre butikkar. 

Sekken med det rare i

Vi ser også at fleire nyttar plastemballasjesekkane til hageavfall og grovavfall. Hageavfall skal leverast på miljøstasjonen på Mjølstadneset (Herøy), Myklebustmyrane (Sande) eller på greinavfallsplassen på Eidet (Hareid og Ulstein). Når greinavfallsplassen ikkje er open, kan du levere hageavfall på miljøstasjonen i Saunesmarka i opningstida. Sjå her for opningstider.
 
Er det du skal kaste for stort for restavfallsdunken din, leverer du det inn som grovavfall på ein av miljøstasjonane våre. Usikker på kva grovavfall er? Sjå her.
 
Ekstra utgifter vil vi helst unngå der vi kan, så takk for at du brukar posane til det dei er meint for – og berre det.