Du kan levere asbest og eternitt til miljøstasjonen vår i Saunesmarka mellom klokka 10.00 og 15.00 på kvardagar. Ring og avtal før du kjem, slik at vi er sikre på at vi har ein ledig person som kan hjelpe deg med å laste av med truck.
Asbest og eternitt må pakkast forsvarleg før levering på grunn av det miljøfarlege støvet.
Asbesten/eternitten skal pakkast på Europallar i to lag med plast (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). Det skal vere plast også under og over eternittplatene, slik at dei er heilt innkapsla. Legg derfor plast på pallen før du startar å stable.
Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut, og alle skøytar teipast godt. Hugs å ikkje stable for høgt på pallen, og at eternitten/asbesten ikkje skal stikke utanfor pallen den er pakka på.
Vi har også spesialtilpassa posar for asbest og eternitt som du kan nytte i staden for plast. Desse får du kjøpt for kr 562,5 inkl. mva per stykk på miljøstasjonen. Posane rommar 1m3.
Vi gjer oppmerksam på at ein ikkje kan levere asbest/eternitt på Mjølstadneset eller i Myklebustmyrane.