Forskrift for slamhandtering i Hareid og Ulstein
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk arbeidar i tråd med gjeldande forskrift. Forskrifta er vedteke av dei respektive kommunestyra i eigarkommunane Hareid og Ulstein i 2016.
Forskrifta har som formål å sikre miljømessig, økonomisk og helsemessig forsvarleg tøming av alle private slamavskiljarar, fellesanlegg og tette anlegg i kommunane. Forskrifta har vidare som siktemål ei likebehandling av abonnentane i dei kommunane som er medeigarar i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR). Forskrifta regulerer korleis SSR på vegne av medlemskommunane skal oppfylle krava til handtering av slam etter forureiningslova.
Du kan laste ned forskrifta ved å trykke på linken under:
Forskrift for slamhandtering i Hareid og Ulstein