Saman tek vi vare på ressursane

Om SSR

SSR er eit interkommunalt selskap med hovudbase i Saunesmarka i Ulsteinvik. 

Vi har ansvaret for avfallshandsaminga for hushaldningane i dei fire kommunane Herøy, Hareid, Sande og Ulstein. Dette gjeld både faste bustadar og fritidseigedomar.

SSR er ei miljøbedrift og har som mål å sikre ei miljøvenleg, effektiv og forsvarleg handsaming av avfallet i tråd med gjeldande forskrifter og regelverk.

SSR tilbyr også renovasjon for næringskundar og organiserer slamtøming i dei fire kommunane.

Visjon

 SSR skal skape mest mogleg verdiar av det innsamla avfallet, både for lokalsamfunnet og framtidige generasjonar.

Verdiar

Berekraftig: Vi legg til rette for at naturressursar varer lengst mogleg, til det beste for framtidige generasjonar.

Ivrig: Vi er ivrige etter å skape gode avfallsløysingar for lokalsamfunnet. Saman strekker vi oss etter utvikling og forbetring.

Trygg: Vi leverer kvalitet og utfører samfunnsoppdraget vårt på ein ansvarleg måte. Innbyggjarane skal vere trygge på at avfallet blir henta og handtert sikkert, kostnadseffektivt og miljøvenleg.

Sjå også: Strategi 2026–2029

Peter renovatør

Litt historie

SSR blei etablert i 1980. Kommunane Hareid, Ulstein og Herøy gjekk saman for å lage eit felles interkommunalt selskap. I 1995 blei også Sande kommune ein del av selskapet. Det er ca 25 000 innbyggjarar som bur i dei fire eigarkommunane og SSR har ca 10 000 abonnentar.

Årsrapportar

 Årsrapport 2024 forside 2

Årsrapport 2023 2024 05 13 nettside_framside

Framside av årsrapport for 2021, motiv er eit foto av Bergsøya tatt frå toppen av eit fjell, med ei gyllen sol som skin over landskapet