Saman tek vi vare på ressursane

Har du ein tusenlapp i fjøra?

7. august 2019 av Andrea Øien Sæverud

Er den gamle båten din moden for å legge inn årane? Då kan du levere han på miljøstasjonane til SSR og få 1000 kroner tilbake.

Kasserte båtar som blir liggande i fjøresteinane, kan skade miljøet. Båtvrak er ei kjelde til mikroplast i havet, i tillegg kan botnsstoffet i kasserte skrog innehalde farlege stoff. For å unngå slik forureining, har staten oppretta ei panteordning på fritidsbåtar

Gjer deg sjølv og fisken ei teneste, lever båten din hjå oss.

Fritidsbåtar under 15 fot (4,57 meter) kan du levere kostnadsfritt til miljøstasjonane i Saunesmarka, på Mjølstadneset og i Myklebustmyrane. Kajakkar og kanoar er også inkludert i ordninga.

båtBåtane skal ikkje innehalde innanbords motor. Vindskjerm er greitt og påhengsmotor kan takast av og leverast kostnadsfritt som metall dersom olje og drivstoff er tappa av. Båten skal vere leveringsklar når den kjem til SSR.

Kunden kan søke refusjon på kr 1000,- til Miljødirektoratet. Kunden må sjølv fylle ut skjemaet og sende inn dette.

Skjemaet får du i vekta på miljøstasjonen, eller du kan skrive det ut på førehand frå nettsida til Miljødirektoratet. Vektoperatøren skal skrive under på skjemaet som kunden deretter sender inn til Miljødirektoratet for å få refusjonen.

SSR har ikkje konsesjon på å ta inn båtar over 4,57 meter. Kunden må i slike tilfelle kontakte Viking Gjenvinning. Dei tek imot båtar opp til 49,21 fot eller 3 tonn. Kunden får refusjon opp til denne størrelsen.

Eigarlause båtar får ein ikkje refusjon for, men desse kan likevel leverast gratis til SSR (gjeld båtar under 15 fot). Den som leverer fyller då inn eit strandryddeskjema, då dette blir rekna som marin forsøpling.