Saman tek vi vare på ressursane

SMS-varsling

SSR har to typar SMS-varsling; den eine minner deg på henting kvelden før hentedagen, medan den andre nyttast til å varsle om endringer i ruter på grunn av høgtidsdagar eller ved hendingar på hentedagen som kan føre til endringar (Servicevarsling).

Påminningsvarsel

Ønskjer du ei påminning om henting kvelden før hentedagen din?
Denne tenesta sender ut melding kvar 14 dag. Obs! Dei som har redusert abonnement (henting kvar 4. veke) må hugse å sjekke kjeldesorteringskalenderen for stjerna som fortel om dei har henting eller ikkje.

Meld deg på vår SMS- teneste:
send SORTERE <sonenummer> til 1963 (kr 2,-. pr. melding).

Ved å melde deg på tenesta seier du ja til å motta SMS frå oss med anna viktig informasjon (kr 0,-).

Ønskjer du å melde deg ut av tenesta:
Send SORTERE STOPP til 1963

Servicevarsling

Via UMS ServiceVarsling sørgjer SSR for at du får melding via telefon eller SMS ved til dømes endringar i tømekalendar eller at renovasjonsbilen ikkje kjem fram. Også i andre situasjonar kan det vere aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon. Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til alle mobiltelefonar.

Korleis verkar det?

I samband med endringar i tømekalendar, at renovasjonsbilen ikkje kjem fram, etc. vil det gå ut ei melding om kva som har hendt eller kva som skal hende. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det aktuelle området. Adressedatabasen som vert nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysing frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottek dermed heller ikkje varsling (obs: systemet klarer ikkje å skilje dersom eit barn har telefon som står oppført i namnet på ein vaksen).

Får eg varsling? Korleis sjekkar eg det?

Du har høve til å kontrollere og endre di oppføring i UMS sin portal for administrering av kontaktdata (UMS Contact Data Manager) : http://cdm.ums.no. For å logge deg inn treng du kommunenummer: 1514 Sande, 1515 Herøy, 1516 Ulstein og 1517 Hareid. Her kan du og registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du til dømes ønskjer å få varsling ved hendingar som berører fritidseigedom, studentbolig eller liknande. Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv leggje denne til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, og dei mottek ikkje varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som vert halde hemmeleg for alle andre.

Kan bedrifter få varsling?

Adressedatabasen som vert nytta under varsling inneheld adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane, og bedrifta vert difor tilrådd å endre eller leggje til nummer og kontaktpersonar som skal varslast ved enkelt å logge inn på UMS Contact Data Manager.

Merk at varsling til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tastevalg for vidarekobling er difor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemd. Dersom bedriften din er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at bedrifta mottek eventuell varsling. Varslingssystemet er meint som ein tryggleik for di bedrift, verksemd eller institusjon. Viss vi skal kunne nå dykk på ein rask og effektiv måte er vi avhengige av hjelp frå dykk. Vi ber difor om at rett kontaktperson vert registrert her: http://cdm.ums.no (Merk av rubrikk nederst på side for notering av kontaktinformasjon).