Visste du at...
Av 670 resirkulerte aluminiumsboksar kan vi lage ein sykkel?
Mellom 40 og 50 % av metallproduksjonen i Europa kjem frå resirkulert metall?
Mengda drikkekartongar som blir gjenvunne kvart år tilsvarar ein skog på storleik med 230 fotballbanar?
Mengda papir som blir gjenvunne i Noreg kvart år, sparar like mykje CO2 utslipp som frå 35 000 bilar?
325 bruskorkar kan bli ein elevstol?
Ved å gjenvinne 1 kilo plast sparar vi så mykje som 2 kg olje?
Kvart år vert det samla inn so mykje EE-avfall i Noreg, at dersom ein fylte opp lastebilar med EE-avfall og stilte dei opp etter kvarandre ville dei ha strekt seg frå Oslo til Lillehammer?
Over 80 % av EE-avfallet blir materialgjenvunne?
Glaset i gamle PCskjermar kan bli til sykkellykter?
Til ein kunstgrasbane går det med ca 100 tonn gummigranulat som tilsvarar omlag 140 tonn kasserte dekk?