Saman tek vi vare på ressursane
mor og son med dunkar

Bestille eller endre abonnement

Du kan velje mellom tre ulike abonnement alt etter kor mykje avfall din husstand har:

Storhushald: kr 3.453,60,- (kr 4.317 inkl. mva) 240 l blå og 240 l grøn, henting kvar andre veke.

Standardgebyr: kr 3.141,60,- (kr 3.927 inkl. mva.) 240 l blå og 140 l grøn, henting kvar andre veke.

Redusert gebyr: kr 2.731,20,- (kr 3.414 inkl. mva.) 240 l blå og 140 l grøn, henting kvar fjerde veke.

Skriv inn namnet ditt

Skriv inn gateadressa di

Skriv inn postnummeret ditt

Skriv inn poststad

Skriv inn gards-og bruksnummer

Kommune

Skriv inn telefonnummeret ditt

Skriv inn e-postadressa di om du har

Endre størrelsen på grønedunken

Ved oppstart av abonnement er der eit eingongsgebyr på kr 1020 (inkl. mva). Dette inkluderer utkøying av dunkane.

Ved bytte av abonnement og dunkar, tek vi eit gebyr på kroner 255,- for utkøyring av dunk. Om du sjølv kan ta med den gamle dunken til anlegget i Saunesmarka og bytte inn til ny dunk kostar det ingenting. Kryss av for om du ønskjer å hente sjølv eller om vi skal levere ut. Om du vel å hente sjølv ringer vi deg når dunken er klar for levering. Ein må rekne med 5-10 dager ventetid på utlevering av dunk.

Skal du bytte dunk sjølve må du ta med den gamle. Dette må gjerast i Saunesmarka i Ulsteinvik ved administrasjonsbygget mellom klokka 07.30 og 15.30.

Levering

Eigarskifte

Ved kjøp og sal av bolig, er kjøpar og selgar sjølve ansvarlege for å gjere opp seg i mellom. SSR må få beskjed ved endring av eigarforhold. Dunkar som allereie er utlevert til ein bolig skal ikkje leverast inn sjølv om den som abonnementet står på skal flytte frå boligen eller selge huset. Dunkane skal følgje huset, men ny eigar/leigetakar må bestille nye lappar og abonnement til dunkane. Dunkar skal kun leverast tilbake til SSR i dei tilfelle der hus skal rivast, der boligar vert permanent fråflytta eller det blir innvilga fritak for renovasjon.

Søkje fritak?

Du kan søkje fritak for renovasjon om bustaden står tom. Hugs å søkje i god tid (minimum 3 veker før ny termin startar; 1. januar, 1. mai og 1. september). Søknad om fritak skal vere skriftleg, send brev eller e-post. I søknaden skal det kome fram kva eigedom søknaden gjeld og kvifor ein søkjer fritak.