Saman tek vi vare på ressursane

Om SSR

SSR er eit interkommunalt selskap med hovudbase i Saunesmarka i Ulsteinvik. Vi har ansvaret for avfallshandsaminga for hushaldningane i dei fire kommunane Herøy, Hareid, Sande og Ulstein. Dette gjeld både faste bustadar og fritidseigedomar. SSR er ei miljøbedrift og har som mål å sikre ei miljøvenleg, effektiv og forsvarleg handsaming av avfallet i tråd med gjeldande forskrifter og regelverk. Vi har også ansvaret for å organisere slamtømminga i dei fire kommunane.SSR tilbyr også renovasjon for næringskundar.

 

Peter renovatør

Litt historie

SSR blei etablert i 1980. Kommunane Hareid, Ulstein og Herøy gjekk saman for å lage eit felles interkommunalt selskap . I 1995 blei også Sande kommune ein del av selskapet. Det er ca 25 000 innbyggjarar som bur i dei fire eigarkommunane og SSR har ca 10 000 abonnentar. Les meir om SSR sin visjon og strategi .

Årsmeldingar

bilete av årsmeldinga 2015
Bilde framside årsmelding
Bildelenke. Viser naturlandskap, trykk her for å få opp årsrapporten for 2013.

Bildelenke. Viser bølge og menneskjer, trykk her for å få opp årsrapporten for 2012.

 

Årsrapport SSR 2011