Saman tek vi vare på ressursane

Hytte og fritidseigedom

Vi har ulike løysinger for hytteabonnentar. Enkelte plassar har vi store containerar til hytteavfall. Fellesdunkane er låste slik at det kun er abonnentane som har tilgang til å kaste avfallet sitt her. Fordelen med å nytte ordninga med fellesdunk er at ein er fleksibel til å kaste avfallet når ein forlet fritidseigedomen, og slepp å vere der på tømedagen for å trille dunken ned til vegen.

Alle fritidseigedomar som er alminnelig tilgjengeleg skal omfattast av renovasjonsordninga.

For å få nøkkel/tilgong til fellesdunkane må ein vere registrert med fritidsabonnement hjå SSR og får nøkkel/tilgong ved å henvende seg i administrasjonen mellom 08.30 og 15.30 på kvardagar.

Prisen for fritidsabonnement kan du finne på denne lenka her.

Oversikt over fellesdunkar

I det interaktive kartet under finn du alle hytterenovasjonspunkta våre.
Bestem størrelsen på kartet under ved å trykke på pluss og minus-knappen til venstre. Du kan også velge di kommune, eller søke i søke-feltet.
Punkta med hytterenovasjonsdunk er merka med ein lys-grøn "knapp" med bokstaven H.

Sande kommune

  • Kvamsøy (nedgravd avfallsløysing bak Coop Marked Kvamsøy)
  • Sandsøy (nedgravd avfallsløysing ved Voksa fergekai)
  • Gursken Matsenter
  • Larsnes (nedgravd avfallsløysing ved Larsnes Auto/Johansen Auto/Meca)
  • Coop Gjerdsvika (nedgravd avfallsløysing)

Herøy kommune

  • Nærøya
  • Pekas/Kiwi - Myrvåg
  • Nerlandsøy - Handelshuset
  • Coop Moltu
  • Holmefjordvegen - Fosnavåg sentrum

Ulstein kommune

  • Eiksund - Håheim
  • Eiksund fergekai
  • Eiksund - Eika

Hareid kommune

  • Hjørungavåg (ved Total Bygg)
  • Holesanden (nedgravd avfallsløysing ved parkeringsplassen til Holesanden)
Foto. Brygge og hytter ved havet.
Kommunestyra i Hareid, Herøy, Ulstein og Sande har vedteke å innføre renovasjon på fritidseigedom. Bakgrunnen for ordninga er at det er eit behov for ei slik ordning for å unngå problem med forsøpling. Det ligg også føringar i Lov om forureining om at det skal vere ei renovasjonsordning for fritidseigedomar. Frå januar 2010 vart det innført renovasjon for alle fritidseigedomar.