Saman tek vi vare på ressursane

Heimekompostering

SSR har forløpig ikkje innsamling av matavfall, men dette vil bli innført i 2018/2019.

SSR tilbyr heimekompostering til alle våre abonnentar. Ordninga er frivillig, og dei som vel å vere med på dette får eit fråtrekk på renovasjonsgebyret på kr. 513,- pr. år. Fråtrekket vil vere fordelt på dei tre terminane som er 1. januar, 1. mai og 1. september kvar år.

Det vert sett krav til den som skal kompostere i form av å ha godkjend kompostbinge og deltaking på kurset SSR arrangerer i heimekompostering. Tidspunkt for kurs vil bli annonsert her på nettsidene og i lokalaviser.
Alle som vil kompostere må signere ein avtale med SSR. Avtalen kan du laste ned her: Avtale om heimekompostering.
Kom gjerne innom administrasjonen i Saunesmarka for signering, eller send signert avtale per post til oss.

Kvifor kompostere?

SSR ønskjer å auke den delen av avfallet som skal gå til materialgjenvinning.  Ei ordning med heimekompostering er med på å bidra til dette. Heimekompostering er resirkuleirng av næringsstoff, og resultatet blir eit jordforbetringsmiddel i form av ferdig kompost.

  • Du får god hagejord
  • Det er miljøvenleg
  • Du vil på sikt spare på det økonomisk
  • Mindre avfall i grønedunken

Det har vore ei enorm auke i matavfall frå norske hushaldningar dei siste tiåra. 300.000 tonn med mat blir kasta i Norge kvart år. ForMat- prosjektet er eit prosjekt som arbeidar for å redusere matavfallet med 25%. Les meir om dette spanande prosjektet!

  

Foto. Glad gut leiker med jord.

Godkjende kompostbingar

Under finn du ei oversikt over dei godkjende kompostbingane. Kriteria er at bingane skal vere så sikre at skadedyr ikkje kan kome inn i dei, og at dei skal vere isolerte med minimum 5 cm isolasjon slik at komposteringsprosessen ikkje stoppar ved kaldt vêr. Enkelte av bingane er og svanemerka. Dei som har kompostert over fleire år utan problem vil vi i kvart enkelt tilfelle kunne godkjenne bingar som ikkje er med på denne lista. For nybyrjarar som skal gå kurs hjå oss er det denne lista som gjeld. Strø til å ha i kompostbingen er å få kjøpe hos SSR.

Når ein skal velge kompostbinge er det lurt å velge ut i frå kor mange ein er i hustanden, ein stor binge krev jamleg påfyll for at prosessen ikkje skal stoppe opp. Ein liten husstand bør difor ikke velge ein for stor kompostbinge.

 

Ulshav

Foto. Kompostbinge laga av treplanker ved Ulshav.  Kompostbinge Ulshav skrå

  • Kompostbinge kledd med skadedyrsikker netting innvendig: Kroner 3250,-
    (Med eller utan dør i front) Bingen rommar ca. 225 liter.

Binge kledd med netting kan leverast både med og utan dør/ laus front, også med delt frontdør. Ein kan velje mellom flatt og skrå topp/lok.

Ulshav tilbyr og levering av bingen på aktuell adresse i SSR sitt henteområde. Frakt for levering på adresse i SSR sine kommunar Hareid, Ulstein, Sande og Herøy kroner 200,-( Tillegg for eventuelt ferje.)

Kompostbingane kan sjølvsagt leverast både i impregnert og ubehandla materiale, men ubehandla vil ha meir avgrensa levetid.

Tlf: 700 18 2507 / 990 84 205 / 700 18 253
Mail:post@)ulshav.no

Grønne Johanna

Foto. Grøn kompostbinge i plast, Grønne Johanna.

"Grønne Johanna" er ein svanemerka kompostbehaldar i plast. Den er på 330 liter og har avtagbar isolasjon utanpå. Den kan bestillast frå Walby Promotion, tlf. 908 23 520.
Pris: 2.195 + frakt (ca. 400,-).

Jorakompost

Illustrasjon. Komposttrommel.
Jorakompost er ein trommel i metall som fins i 3 ulike størrelsar, og som passar for 1, 2 og 3-4 husstandar. Kan bestillast frå Hegstad Lakk og Fritid, tlf. 971 35 704.
Pris: 125 liter 4490,- 270 liter 5990,- 400 liter 8990,- + frakt (ca. 400,-).

Kompostbjørn

Foto. Kompostbinge.

Kompostbjørn er ein svanemerka kompostbehaldar i plast på ca. 235 liter og passar for 1-2 hushaldningar. Kan bestillast frå Strømsberg Plast, tlf 64 80 29 00.
Pris: 4590,- + frakt (ca. 400) inkl. galvanisert greip og heilstøpt isolert innerlok.

Greenline varmekompost master pluss 375 l.

Greenline varmekompost

Skadedyrstett, isolert husholdningskompost i UV-bestandig gjenvunnet termoplast med ekstra isolering som gjør at komposteringsprosessen holdes i gang selv under veldig kalde perioder. Enkel montering uten verktøy. Dimensjon; 89x89x97cm. Volum 375 liter. Ekstra isolering godt beskyttet mellom doble vegger. komposterer ned til –25.
Selgast mellom anna på Jula.

Bokashi

bokashibøtte

Kompostering med bokashi foregår inne på kjøkenet, i ei lufttett bokashibøtte. Det tek liten plass og luktar ikkje. I bøtta legg du alt av matavfall lagvis med bokashistrø, eit hvetekli- eller byggbasert strø som inneheld effektive mikroorganismar. Mikroorganismane er naturlege mikrober som set i gong ein gjærings- eller syrningsprosess når dei kjem i kontakt med organisk materiale - som matavfallet ditt- i eit lufttett miljø. Det organiske materialet blir brote ned (utan å rotne) og inneheld alle proteinar, vitaminar, mineralar og næringsstoff. I løpet av nokre veker har du næringsrik jord.

For godkjenning for reduksjon av gebyret, må abonnenten ha minimum to orginale luftette Bokashi-bøtter samt orginal bokashistrø. Dette er å få kjøpt her

Dei som vil starte bokashi-kompostering må delta på komposteringskurs og vise kvittering for kjøp av utstyr. Kontroll av komposteringsaktivitet kan forekomme.
 

 

 

 

Utstyr

Den som ønskjer å kompostere må sjølv skaffe seg kompostbinge. I tillegg til binge, treng ein strø til å ha over det organiske avfallet. Dette kan ein få kjøpe mellom anna hos SSR på miljøstasjonen i Saunesmarka. To husstandar kan gå saman om å kjøpe ein binge, begge vil få reduksjon på renovasjonsgebyret.

Foto. Gut med gulrot.