Saman tek vi vare på ressursane

SSR sine miljøstasjonar

Det avfallet du ikkje får henta, kan du levere på ein av våre miljøstasjonar. Sjå oversikt nederst på sida for kva du kan levere gratis og kva du må betale for. Du kan betale med bankkort på alle SSR sin betjente miljøstasjonar. På lokalmottaka i Herøy og Sande har vi ikkje vekslepengar, men du kan betale med akkurat beløp eller kort.

Næringskundar må ha fullmakt for levering av avfall mot ettersending av faktura; dette må ordnast på førehand før ein skal levere avfall. Næring kan også betale med kort på staden dersom dette er ynskjeleg (om ei bedrift berre ynskjer å betale med kort på staden, treng ein ikkje fullmakt).

NB: På Mjølstadneset og Larsnes kan du ikkje levere asbest/eternitt og landbruksplast. Det er kun i Saunesmarka at vi tek imot dette.

Vi oppmodar alle om å levere brukbare gjenstandar som møblar, lampar, bøker og liknande til bruktbutikkar, loppemarknadar, eller annonserast på bytte-kjøp-salg sider på internett.

Saunesmarka (Ulstein og Hareid)

Opningstider:
Man-tors: 10.00-17.30
Fredag: 08.00-15.00

Laurdagsopne dagar kl 12.00-16.00 på miljøstasjonen i Saunesmarka 2017:

- 22. april
- 6. mai
- 20. mai
- 10. juni
- 24. juni
- 19. august
- 2. september
- 16. september
- 14. oktober

Kart Saunesmarka

 

Vis større kart
 

Greinplassen på Eidet

Greinplassen er vinterstengd, men opnar igjen 3. april 2017.

Vi minner om at det er mogleg å levere hageavfall på miljøstasjonen når greinplassen på Eidet er stengt.

Opningstider:
Man-tors: 12.00-1930
Fredag: 08.00-15.00

Laurdagsopne dagar på Eidet 2017:
Det vert halde laurdagsope på Eidet nokre dagar i året, opningstida er då 12.00 - 16.00.

- 29. april
- 13. mai
- 27. mai
- 17. juni
- 1. juli
- 26. august
- 9. september
- 23. september
- 21. oktober

 

Kart Eidet greinplass

 

Mjølstadneset (Herøy)

Opningstider:
Man- tors: 12.00- 19.00
fredag: 08.00- 15.00

Laurdagsopne dagar på Mjølstadneset 2017:
Det vert halde laurdagsope på Eidet nokre dagar i året, opningstida er då 12.00-16.00.

- 29. april
- 13. mai
- 27. mai
- 17. juni
- 1. juli
- 26. august
- 9. september
- 23. september
- 21. oktober

 

Kart Mjølstadneset

Larsnes

Opningstider:
Tirs: 14.00-18.00 

Kart Larsnes

 

Vis større kart

Prisar på miljøstasjonen

Her finn du ei oversikt over kva som er gratis å levere og kva du må betale for.

Renovatør Jon Ove