Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Asbest og eternitt

Du kan levere asbest og eternitt til vår miljøstasjon i Saunesmarka i opningstid. Asbest og eternitt må pakkast forsvarleg før levering på grunn av det miljøfarlege støvet.

Asbesten/eternitten skal pakkast på Europallar i 2-lags plast (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut. Vi har også spesialtilpassa posar for asbest og eternitt som du kan nytte i staden for plast. Desse får du kjøpt for kr 495 per stykk på miljøstasjonen. Posane rommar 1m3.

Ja

  • Forsvarleg pakka Asbest og Eternitt

Nei

  • Asbest og eternitt som ikkje er forsvarleg pakka