Saman tek vi vare på ressursane

SMS-varsling

SSR har to typar SMS-varsling; den eine minner deg på henting kvelden før hentedagen, medan den andre nyttast til å varsle om endringer i ruter på grunn av høgtidsdagar eller ved hendingar på hentedagen som kan føre til endringar (Servicevarsling).

Påminningsvarsel

Ønskjer du ei påminning om henting kvelden før hentedagen din?
Denne tenesta sender ut melding kvar 14 dag.

Meld deg på SMS- tenesta slik:
send SORTERE <sonenummer> til 1963 (kr 2,-. pr. melding).

Her finn du ut kva sone du bur i.

Ved å melde deg på tenesta seier du ja til å motta SMS frå oss med anna viktig informasjon (kr 0,-).

Ønskjer du å melde deg ut av tenesta:
Send SORTERE STOPP til 1963

App med gratis varsel

Dersom du heller ønskjer å ha oversikt over hentedagane dine gjennom ein app, kan du laste ned gratisappen Min renovasjon. Då kan du velje å få varsel i appen om at du må hugse å sette fram dunkane dine. 

Servicevarsling

Via Everbridge sørgjer SSR for at du får melding via telefon eller SMS ved til dømes endringar i tømekalendar eller at renovasjonsbilen ikkje kjem fram. Også i andre situasjonar kan det vere aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon. Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til alle mobiltelefonar. Denne varslinga er gratis.

Korleis verkar det?

I samband med endringar i tømekalendar, at renovasjonsbilen ikkje kjem fram, etc. vil det gå ut ei melding om kva som har hendt eller kva som skal hende. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det aktuelle området. Adressedatabasen som vert nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysing frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret. Innbyggjarar som ikkje har heimeadresse registrert i SSR sine fire kommuner eller innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottek dermed heller ikkje varsling (obs: systemet klarer ikkje å skilje dersom eit barn har telefon som står oppført i namnet på ein vaksen).

Får eg varsling? Korleis sjekkar eg det?

Du har høve til å kontrollere og endre di oppføring i Everbridge sin portal for administrering av kontaktdata (Innbyggerportal) : Innbyggerportal. For å logge deg inn treng du ditt mobiltelefonnummer og din mobiltelefon. Her kan du og registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du til dømes ønskjer å få varsling ved hendingar som berører fritidseigedom, studentbolig eller liknande. Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv leggje denne til på den folkeregistrerte adresseoppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, og dei mottek ikkje varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som vert halde hemmeleg for alle andre.

Kan bedrifter få varsling?

Adressedatabasen som vert nytta under varsling inneheld adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane, og bedrifta vert difor tilrådd å endre eller leggje til mobiltelefonnummer og kontaktpersonar som skal varslast på SMS ved enkelt å logge inn på Innbyggerportalen. Her legg du til adressa til bedrifta som du ynskjer skal få varsel.