Saman tek vi vare på ressursane
Mjelkekartong i blomstereng

Returkartonglotteriet

Bli med på Returkartonglotteriet og vinn flotte pengepremiar!

Kvart år trekk Grønt Punkt Norge 124 vinnarar i Returkartonglotteriet. Det blir delt ut 120 pengepremiar på 10.000 kr,og fire pengepremiar på 100.000kr. Alle som vil kan delta, og vinnarane kan vere alt frå privatpersonar, skular, barnehagar, idrettslag og organisasjonar. 

 

Slik deltek du:

  1. Skyll kartongen
  2. Press han flat
  3. Skriv på namn og telefonnummer til den du vil skal vinne. (tips: bruk vassfast tusj)
  4. Lever til gjenvinning

 

Du kan delta med ALLE typar drikkekartong, både store og små. Med drikkekartong meiner vi emballasje for drikke og flytande matvarer. Det kan for eksempel vere emballasje for: mjølk, drikkeyoghurt, kefir, juice, vin, bønner, hakka tomatar, sauser og puddingar. 

Du vel sjølv om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Frå og med 1. januar 2022 var det ikkje lenger krav til kor mange kartongar som skal vere i ein kubbe. ALLE kartongar med namn og nummer er med i trekninga av 100.000 eller 10.000 kroner. 

 

Lykke til!

Her kan du lese meir om Returkartonglotteriet.

bilde_939
Kartonglotteri- 22 - Bjørnar Torvholm Sævik

Gratulerer!

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Troll-lia barnehage vart dei heldige vinnarane av 10.000kr våren 2022.

Returkartonglotteriet-2
Marte Vartdal