Kompostering
Om du ønsker å kompostere, kan du eit fråtrekk på renovasjonsgebyret på kr. 513,- pr. år.
Det er berre huseigar som kan kompostere og få fråtrekk for dette.
Fråtrekket vil vere fordelt på dei tre terminane som er 1. januar, 1. mai og 1. september kvar år.
Alle som vil kompostere, må signere ein avtale med SSR og få denne godkjent.
Korleis kan eg inngå avtale?
Avtalen kan du laste ned her: Avtale om heimekompostering.
Denne må leverast inn til oss for godkjenning. Om avtalen vert godkjend, vert matavfallsdunken din henta inn.
Kom gjerne innom administrasjonen i Saunesmarka for signering, eller send signert avtale per e-post til oss.
Kan leigetakaren min få kompostfråtrekk?
Nei.
Det er berre huseigar som kan få fråtrekk, og berre på eigedomen som huseigar bur på.
De er likevel velkomen til å kompostere slik at ein kan få god kompostjord, sjølv om ikkje ein får noko økonomisk fråtrekk!
Eg og naboen min vil kjøpe ein kompostbinge i lag og kompostere saman! Er det mogeleg?
Det kan de gjerne gjere - hugs at eigar i begge husstandane må kvar for seg inngå kompostavtale med SSR, og at begge må sende inn signert avtale til oss for å få fråtrekk for kompostering.
Merk deg at ein må vere naboar for å kunne dele binge.