Saman tek vi vare på ressursane

Hytte og fritidseigedom

SSR har konteinarar/fellesdunkar til hytteavfall plassert rundt i Hareid, Herøy, Ulstein og Sande kommune (for oversikt, sjå nedst på denne sida). Konteinarane/fellesdunkane er låste, og for å få tilgong må ein vere registrert med fritidsabonnement hjå SSR. Hugs også at eigedomen må vere matrikulert som fritidseigedom for å ha rett på abonnement.

Nøkkel til konteinar/fellesdunk får ein ved å henvende seg i administrasjonen på miljøstasjonen i Saunesmarka. Administrasjonen er open mellom 08.30 og 15.30 på kvardagar (kl. 15.00 fredagar).

Sjå her for pris og bestillingsskjema

Kvifor må eg ha hytte- og fritidsrenovasjon?

Stortinget har gjennom forureiningslova fastsett at alle bustads- og fritidseigedomar i Noreg skal vere tilknytt ei renovasjonsordning. Forskrifta som kommunestyra i SSR sitt virkeområde har vedteke, Kommunal forskrift for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) sitt arbeid i kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein, fastslår det same.

I tillegg har Miljødirektoratet presisert i ein eigen rettleiar at fritidsbustadar er gebyrpliktige. Den same rettleiaren fastslår også at ein ikkje kan få fritak for ordninga sjølv om ein betaler gebyr for ein annan eigedom i same kommune.

Eg produserer lite avfall / tek med meg avfallet heim. Må eg likevel betale for fritidsrenovasjon?

Ja, det må du. Det er frivillig om ein nyttar seg av tilbodet, men det er ikkje frivillig å betale gebyr. Alle som eig ein gebyrpliktig fritidseigedom må betale eit årleg renovasjonsgebyr som dekker kostnadane for forsvarleg avfallshandtering.

Miljødirektoratet har presisert at det å ta med seg avfallet mellom ulike eigedomar ikkje er grunnlag for fritak.

Vi overnattar ikkje på hytta / er der berre nokre få gongar i året. Kan eg få fritak?

Forureiningslova fastslår at alle eigedomar der det kan oppstå avfall skal vere tilknytt ei renovasjonsordning.

Alle gebyrpliktige fritidseigedomar må ha ei renovasjonsordning, uavhengig av kor ofte den blir nytta, kven som nyttar den og kor mykje avfall som blir produsert. Renovasjonsordninga omfattar tilgang til bruk av fellesløysing og bruk av miljøstasjonar.

Oversikt over fellesdunkar

Sande kommune

  • Kvamsøy (nedgravd avfallsløysing bak Coop Marked Kvamsøy)
    • Her får du sortert: Papp/papir, plastemballasje, restavfall, glas- og metallemballasje
  • Sandsøy (nedgravd avfallsløysing ved Voksa fergekai)
    • Her får du kasta: Restavfall
  • Gursken Matsenter
    • Her får du kasta: Restavfall
  • Larsnes (nedgravd avfallsløysing ved Larsnes Auto/Johansen Auto/Meca)
    • Her får du sortert: Restavfall, glas- og metallemballasje
  • Coop Gjerdsvika (nedgravd avfallsløysing)
    • Her får du sortert: Papp/papir, plastemballasje, restavfall, glas- og metallemballasje

Herøy kommune

  • Nærøya
    • Her får du sortert: Papp/papir, plastemballasje, matavfall, restavfall, glas- og metallemballasje
  • Myrvåg (ved Moldskred-bygget, nær Pekas/Kiwi)
    • Her får du sortert: Papp/papir, plastemballasje, matavfall, restavfall, glas- og metallemballasje
  • Nerlandsøy, Handelshuset
    • Her får du kasta: Restavfall
  • Holmefjordvegen, Fosnavåg sentrum
    • Her får du sortert: Papp/papir, plastemballasje, matavfall, restavfall, glas- og metallemballasje

Ulstein kommune

  • Joakimbakken
    • Her får du sortert: Papp/papir, plastemballasje, matavfall, restavfall, glas- og metallemballasje
  • Eiksund, Eika
    • Her får du sortert: Papp/papir, plastemballasje, matavfall, restavfall, glas- og metallemballasje

Hareid kommune

  • Kjøpmannsgata (nedgravd avfallsløysing)
    • Her får du sortert: Papp/papir, plastemballasje, matavfall, restavfall, glas- og metallemballasje
  • Holesanden (nedgravd avfallsløysing ved parkeringsplassen til Holesanden)
    • Her får du sortert: Papp/papir og restavfall

Sjå her for oversikt over alle returpunkt for glas- og metallemballasje

Foto. Brygge og hytter ved havet.