Saman tek vi vare på ressursane

Personvernerklæring for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

 

Denne sida fortel kva personopplysningar SSR IKS samlar inn og korleis dei vert nytta.
Selskapet, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for selskapet si behandling av personopplysningar. Dersom nokon oppgåver er delegert, kjem det fram under kvart enkelt punkt. Delegering omfattar kun oppgåvene og ikkje ansvaret.

Generell informasjon om behandling av personopplysingar

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk samlar inn og behandlar personopplysningar for å kunne levere lovpålagde renovasjonstenester til deg som innbyggjar og for å utføre førespurnadar vi får frå deg.

Når vi utfører desse tenestene kan vi hente inn naudsynt informasjon frå eigarar av eigedomar direkte, gjennom offentlege register som Matrikkelen eller offentlege myndigheiter.
Opplysningane vert lagra hjå oss så lenge det er lovpålagd for oss å lagre desse eller så lenge det er naudsynt for formålet som desse vart samla inn for.

Vi beskyttar opplysningane i våre register på ulike måtar som til dømes tilgongskontroll til datasystema og brannmurar.
Eventuelle databehandlarar som arbeidar som underleverandørar for oss ved å levere tenester og programvare til oss slik at vi kan drifte våre lovpålagde tenester.
I nokre tilfelle behandlar desse underleverandørane dine opplysningar på vegne av oss, men kan ikkje nytte personopplysningane til andre formål enn å yte tenesta som er avtalt med oss. Underleverandørar må arbeide i samsvar med dei vilkåra som vi stiller for å sikre personopplysningane og i samsvar med norsk personvernlovgivning.

 

Behandling av personopplysningar på reinhaldsverket.no

Ansvarleg for nettsida har det daglege ansvaret for behandling av personopplysningar på nettsida, med mindre anna vert oppgitt.

Det er frivillig å oppgi personopplysningar i samband med tenester som tildømes motta nyheitsbrev eller bruke kontaktskjema. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.
Vi anbefalar at ein ikkje skriv inn sensitive opplysningar eller opplysningar som

Bestillingsskjema

Ved bestilling vert namn, adresse, telefonnummer, e-post og kva som er bestilt teke vare på i 2 år for å sikre at rett bestilling vert utført eller sikre at det ikkje vert tvist om kva som er bestilt. Behandlingsgrunnlaget er naudsynt for å kunne utføre tenesta som avtalt.

Kontaktskjema

Det er frivillig å oppgi personopplysningar i samband med tenester som tildømes motta nyheitsbrev eller bruke kontaktskjema.
Kontaktskjemaet samlar inn namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og IP-adresse. Innsendt kontaktskjema oversendt elektronisk pr. e-post for saksbehandling i tillegg til å bli lagra på vår web-server, sistnemnte for å kunne feilsøkje dersom skjema ikkje kjem fram pr. e-post.

Informasjonskapslar (cookies)

Nettsida nyttar fleire informasjonskapslar, blant anna frå sortere.no. Informasjonskapslar vert nytta for å forbetre ein del av funksjonane på nettsida, som for eksempel hugse kva val du har tatt for å forenkle bruken for brukaren til neste gong dei besøker nettsida.
Selskapet utarbeidar ikkje profilar eller statistikk over type brukarar av nettsida, berre statistikk over antal besøkande.
Dersom du ynskjer å skru av cookies og/eller slette cookies frå nettsida, sjå framgongsmåte på Nettvett.no; "Slik administrer du informasjonskapsler".

Reinhaldsverket.no

  • .AspNet.Cookies
    Kjelde: Sitefinity
    Inneheld informasjon om nettlesar-sesjonen og let brukarar logge seg inn i sida.
    Vert sletta når ein går ut av nettsida.

  • SF-TokenId
    Kjelde: Sitefinity
    Handterar/sjekkar kva tilgongar brukar skal ha til dei ulike nettsidene.
    Vert sletta etter 118 minutt.

  • __utma
    Kjelde: Google Analytics
    Skiljer brukarar og brukarsesjonar.
    Vert sletta etter 2 år dersom brukar ikkje besøker sida på nytt.

  • __utmz
    Kjelde: Google Analytics
    Lagrar traffikkjelde som beskriv korleis brukaren kom til nettsida.
    Vert sletta etter 6 månadar dersom brukar ikkje besøker sida på nytt.

  • _ga
    Kjelde: Google Analytics
    Skiljer mellom brukarane som besøker sida.
    Vert sletta etter 2 år dersom brukar ikkje besøker sida på nytt.
  • _gat_gtag
    Kjelde: Google Analytics
    Lagrar ingen informasjon, brukast ved reklame og begrenser antal forespørslar til doubleclick.net.
    Vert sletta etter 1 minutt.

  • _gid
    Kjelde: Google Analytics
    Skiljer mellom brukarane som besøker sida.
    Vert sletta etter 24 timar dersom brukar ikkje besøker sida på nytt.
  • sf-issuesckie
    Kjelde: Sitefinity
    Brukast for å sende ut nyheitsbrev/e-postkampanjar til dei som melder seg på.
    Vert sletta etter 2 år.

  • sf_timezoneoffset
    Kjelde: Sitefinity
    Lagrar tidssoneforskjellen mellom brukar si lokale tidssone og UTC (Coordinated Universal Time) tidssona, vert berre lagra for innlogga brukarar.
    Slettast når du avsluttar nettlesaren

sortere.no

  • PHPSESSID
    Kjelde: sortere.no/Wordpress
    Brukast for besøk på nettsida utan brukarspesifikke data. Dette gjer det mogeleg å kommunisere med serveren til sortere.no på ein sikker måte.
    Slettast når du avsluttar nettlesaren.

  • __atuvc, __utma, _ga
    Kjelde: Google
    Samlar informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Denne informasjonen vert nytta til å lage rapportar til sortere.no for å vidare forbetre nettsida. All informasjon vert anonymisert; den seier kun noko om antal besøkande, kvar dei besøkande kjem frå og kva sider dei besøker. Les meir her om Google sine ulike informasjonskapslar og deira funksjon her.
  • changed_place, my_place, sortere_fylke, sortere_kommune
    Kjelde: sortere.no/Wordpress
    Handterar informasjon om kvar brukaren er slik at rett informasjon om avfallshandtering og punkt for levering av avfall vert gitt.
  • sortere_position, sortere_zoom
    Kjelde: sortere.no/Wordpress
    Handterar brukaren sitt valde område i kartet som vert nytta til å vise punkt for levering av avfall.

Kameraovervåking

Selskapet har kameraovervåking på våre tre miljøstasjonar. Dette er skilta ved portane for innkøyring på områda.
Driftsleiar er ansvarleg for dette systemet. Berre nokre få tilsette hjå selskapet har tilgong. Innspelte opptak frå overvåking vert oppbevara på eigen server med eige passord.

Opptak vert nytta som bevismateriale ved innbrot/lovbrot på området, og ved ulukker for å avdekke kva som skjedd. Dersom ei aktuell hending tilseier at vi ynskjer å sikre oss videoopptak av denne hendinga, vert berre video frå den aktuelle hendinga teke vare på, ikkje opptak elles den aktuelle dagen. Vanlege opptak vert automatisk sletta etter ei viss periode.

Det er også montert kamera på inn- og utkøyringa ved vekta, desse er berre for at vektoperatør skal kunne sjå at bilane er innanfor vekta og opptak her vert ikkje lagra.

SMS-varsling

Verksemda har to løysingar for SMS-varsling der den eine er ei påminningsvarsling, medan den andre nyttast til å informere ved avvikande dagar, driftsproblem som kan føre til av avfallet vert henta på eit seinare tidspunkt og liknande informasjon.

Sveve er SMS-tenesta der abonnentane sjølve kan melde seg på ved å sende inn kodeord til eit bestemt telefonnummer. Tenesta lagrar nummer og sona som den som melder seg inn i har angitt samt historikk over utsendte meldinger med innhaldet som vart utsendt frå oss og dato/klokkeslett meldinga vart utsendt. Alt meldingsinnhald vert sletta etter 12 månedar etter rutine.

Ein kan melde seg ut igjen ved å sende kodeord STOPP tilbake til same nummeret som ein meldte seg inn med, eller ved å ta kontakt med SSR. Telefonnummeret vert då sletta frå tenesta.
Behandlingsgrunnlaget er naudsynt for oppfylle avtale.

Everbridge er SMS-tenesta som SSR nyttar for å varsle/informere om avvikande dagar, driftsproblem og liknande problem. Tenesta vert også nytta for å kunne ta kontakt med eigar ved behov.
Tenesta hentar inn namn, adresser, fødselsdatoar og telefonnummer frå Folkeregisteret, samt lagrar historikk over utsendte meldinger med innhald of mottakarar.
Historikk over utsendte meldingar vert sletta etter 1 år og dei som flyttar eller ikkje ynskjer å få tilsendt informasjon vert deaktivert/sletta. Dei som har hemmeleg nummer vert ikkje registrerte i tenesta, dette gjeld også telefonnummer på born under 16 år.
Behandlingsgrunnlaget er interesseavveiing; selskapet har vurdert at informasjon som vert sendt ut som sikrar at abonnentane får best mogleg teneste veg tyngre enn personvernet i dette tilfellet. Tilgong til Folkeregisteret er godkjent etter søknad til Evry og Skattedirektoratet.

Nyheitsbrev

Selskapet har moglegheita til å nytte seg av nyheitsbrev som vert sendt ut pr. e-post til dei som har meldt seg på dette.
Nyheitsbreva inneheld informasjon om det som skjer i selskapet og relevant informasjon på kva som foregår innanfor miljø- og avfallshandtering.
Utsending av nyheitsbrev er basert på samtykke, og ein står fritt til å trekke tilbake sitt samtykke når ein ynskjer.
Påmeldte e-postadresser samt skjemaet for påmelding til nyheitsbrev vert samla i eit register i Outlook for å kunne bevise at vedkomande har samtykka til at vi kan nytte oppgitt e-postadresse til utsending av nyheitsbrev. Dersom ein trekk sitt samtykke, vert e-postadressa sletta frå registeret saman med påmeldingsskjemaet.

Lover og rettigheiter

Verksemda er underlagt Norges lover, og blant anna offentliglova, personopplysningslova og forurensingslova.

Du har som person ein del rettigheiter knytta til dine personopplysningar jmf. personopplysningslova. Verksemda forbeheld seg retten til å nytte metodar for å kunne legitimere at den som ber om innsyn/retting o.l om sine personopplysningar er rette vedkomande for å sikre at personopplysningar ikkje vert utlevert til uvedkomande (identitetskontroll).
Du kan nytte deg av dine rettigheiter eller sende oss spørsmål ved å sende ein e-post til vårt personvernombod; klikk her for å sende e-post til personvernombodet. Ein kan også ringe sentralbordet på 70007050 og be om å få snakke med personvernombodet eller sende eit brev, merk då konvolutten med "personvernombod". Ein har krav på at ein skal få svar på henvendinga innan 30 dagar.

Innsyn i eigne opplysningar
Du kan be om ein kopi av alle personopplysningar vi behandlar om deg.
Les meir om retten til innsyn (datatilsynet sine nettsider)

Korrigering av personopplysningar
Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feil eller misvisande. 
Les meir om retten til å rette eller supplere opplysninger (datatilsynet sine nettsider)

Sletting av personopplysningar
I nokre situasjonar kan du be om sletting av personopplysingar som omhandlar deg sjølv.
Les meir om retten til sletting (datatilsynet sine nettsider)

Begrensing av behandling av personopplysningar
I nokre situasjonar kan du også be oss om å begrense behandlinga av personopplysningar som omhandlar deg sjølv.
Les meir om retten til begrensning (datatilsynet sine nettsider)

Protestere mot ei behandling av personopplysningar
Dersom vi behandlar personopplysningar om deg med grunnlag i våre oppgåver eller på bakgrunn av interesseavveging, har du rett til å protestere på vår behandling av personopplysningar om deg.
Les meir om retten til å protestere (datatilsynet sine nettsider)

Dataportabilitet
Dersom vi behandlar personopplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller ei kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller ein annan behandlingsansvarleg. 
Les meir om retten til dataportabilitet (datatilsynet sine nettsider)

Kontaktinformasjon

Du kan nytte deg av dine rettigheiter eller sende oss spørsmål ved å sende ein e-post til vårt personvernombod; klikk her for å sende e-post til personvernombodet. Ein kan også ringe sentralbordet på 70007050 og be om å få snakke med personvernombodet eller sende eit brev, bruk då vår adresse Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Smårisevadet 20, 6065 Ulsteinvik og merk konvolutten med "personvernombod".