Saman tek vi vare på ressursane

Returpunkt for glas- og metallemballasje

Det er plassert igloar for glas- og metallemballasje på ulike stadar i Herøy, Hareid, Sande og Ulstein. I igloane kan du kaste emballasje som glasflasker utan pant, syltetøyglas, hermetikkboksar, mjuke metallboksar, telyskoppar etc.

NB! Eldfast glas, keramikk, porselen, krystall og steintøy øydelegg kvaliteten på gjevunne glas, og må difor ikkje sorterast saman med glasemballasje. Dette er grovavfall.

assortert glas-og metallemballasje

Oversikt over returpunkt for glas- og metallemballasje

I det interaktive kartet under finn du alle returpunkta våre. Bestem størrelsen på kartet ved å trykke på pluss og minus-knappen til venstre. Du kan også velge di kommune, eller søke i søke-feltet. Punkta med glas- og metallemballasje er merka med ein mørk-grøn "knapp" med bokstaven R.


Ulstein Kommune

  • Eiksund - fergekaia
  • Haddal - gamle butikken
  • Straumane - Spar
  • Flø - ved bedehuset
  • Varleite - Sufh Bygg
  • Geileneset 
  • Sjøsida

Hareid kommune

  • Hjørungavåg - ved Totalbygg 
  • Brandal - på kaia 
  • Bigset Kulturoase
  • Hareid sentrum - i Kjøpmannsgata v/treningsapparat (nedgravd løysing)

Herøy kommune

Ytre Herøy

  • Runde - Goksøyr camping og "gamlebutikken"
  • Nerlandsøy - Ved butikken på Kvalsund
  • Fosnavåg - Ved Holmsild brygge (nedgravd løysing)
  • Fosnavåg - Parken (nedgravd løysing)
  • Eggesbønes - ved Spar Fylling
  • Eggesbønes - ved Rema 1000
  • Mjølstadneset - inne på SSR sitt lokalmottak, tilgjengeleg i opningstida for lokalmottaket
  • Nærøy - På parkeringsplassen på Nærøya
    (Igloen som stod på Herøy Kystcamp er flytta til Nærøya.)
  • Jensholmen - ved Lanternen
 

Indre Herøy

  • Moltustranda - ved butikken
  • Tjørvåg - ved butikken
  • Leikong - ved butikken
  • Myrvåg - ved Pekas/Kiwi

Sande Kommune

  • Kvamsøy - ved butikken (nedgravd løysing)
  • Sandsøy - ved butikken 
  • Larsnes - ved dekksenteret (nedgravd løysing)
  • Gursken - Gursken Matsenter 
  • Gjerdsvika - ved butikken (nedgravd løysing)

Visste du at ...

Når vi brukar kjeldesortert glas i glasproduksjon sparar vi 20 % energi.

Vi kan lage 300 000 syklar av den metallemballasjen som blir gjenvunne i Norge kvart år!

Ein gjenvunne makrell i tomat-boks sparar så mye energi som tv’en din brukar på 3 timar.

Ein gjenvunne makrell i tomat-boks sparar CO2 utslepp på linje med 1,5 km i bil.

Av 670 resirkulerte aluminiumsboksar kan vi lage ein sykkel.

Metallemballasjen som blir gjenvunne kvart år i Noreg, tilsvarer vekta av eit middels stort hurtigruteskip.

Mellom 40 og 50 % av Europas metallproduksjon kjem frå resirkulert metall.

Energien ein sparar ved produksjon av ei hermetikkboks frå gjenvunne materiale, er så stor i forhold til bruk av nytt materiale, at den held til å kunne sjå på TV i 7 timar.