Saman tek vi vare på ressursane

Tom for plastemballasjesekkar eller matavfallsposar?

Når du er tom for plastemballasjesekkar, kan du knyte eit handlenett eller brødpose på papirdunken din. Dette er ein beskjed til renovatøren om at du treng nye sekkar. Ho eller han vil då legge igjen ein rull med plastemballasjesekkar til deg.

Den same ordninga gjeld for matavfallsposane, då knyter du ein grøn matavfallspose på matavfallsdunken din.

Hugs å fjerne posen når du har fått nye sekkar / posar!

På enkelte ruter er det mange som har behov for rullar, og renovatørane kan derfor gå tomme på vegen. La posen vere på til du har fått utdelt rullen/rullane.

Du kan også gjerne kome innom ein av miljøstasjonane våre for å hente nye rullar med plastemballasjesekkar eller matavfallsposar.

 

IMG_1976

plastemballasjesekk