Saman tek vi vare på ressursane
Jente og gut ved kjeldesorteringssystem

Kjeldesorteringssystem i heimen

For at kjeldesortering skal vere enkelt, er du avhengig av å ha eit godt system i kjøkenbenken. Det finst mange smarte system, og det treng slett ikkje vere dyre system for å vere funksjonelt. Dei fleste moderne kjøken er tilrettelagt for kjeldesortering, men det går også fint å lage gode system i mindre og eldre kjøken ved hjelp av boksar, bøtter, kasser og posar.

Vi har samla nokre løysingar frå ulike forhandlarar som du kan hente inspirasjon frå.

IKEA

Ikea har eit stort utval med rimelege kjeldesorteringssystem. Skal du kjøpe nytt kjøken, får du spesialtilpassa system som passar perfekt i kjøkenet. Ikea har elles mange alternativ for gode system i det kjøkenet du allereie har. Sjå her for produkt frå Ikea.

Ikeasystem

Europris

Europris har eit godt utval av rimelege bøtter og boksar. Sjå her for produkt frå Europris.

Bøtter frå Europris

Clas Ohlson

Clas Ohlson har kjeldesorteringssett med uttrekk som passar i dei fleste kjøkenskap. Dei har også eit sett utan uttrekk. Sjå her for produkt frå Clas Ohlson.

System frå clas Ohlson

Green Ideas

Eit avfallssystem for tre typar avfall, som kan festast på på skapdøra. Sjå her for produkt frå Green Ideas.

system frå Green Ideas

Intra

Produkt frå Intra får du blant anna kjøpt hos kjøkkenleverandørar og i Comfort-butikkane. Sjå her for produkt frå Intra.

System frå Intra

Kildeboksen

Eit flott og enkelt system for hybelen eller om du treng eit system som er mobilt og enkelt å flytte på. Sjå her for produkt frå Kildeboksen.

System frå Kildeboksen

Visste du at ...

Av 670 resirkulerte aluminiumsboksar kan vi lage ein sykkel?

Mengda drikkekartongar som blir gjenvunne kvart år tilsvarer ein skog på storleik med 230 fotballbaner?

Både Brasil og Portugal har spelt fotball-VM med drakter av resirkulerte plastflasker?