Saman tek vi vare på ressursane
Jon-Arild Vatne2

Hageavfall

Privatpersonar

Du kan levere hageavfall på miljøstasjonane i Myklebustmyrane og på Mjølstadneset, og på greinavfallsplassen på Eidet (Hareid og Ulstein). Når greinavfallsplassen ikkje er open, kan du levere hageavfall på miljøstasjonen i Saunesmarka i opningstida (til dømes om vinteren). For opningstider, sjå her.

Gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter kan privatkundar levere kostnadsfritt.

Firmabilar, lastebilar og traktorar er rekna som næringskundar og av desse er vi plikta til å ta betalt frå første kilo.

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,25 per kilo frå fyrste kilo.

 

Næring

Næringskundar betaler for levering av hageavfall frå første kilo. Dersom ein næringskunde ønskjer ettersending av faktura, må han ha med seg fullmakt for levering av avfall. Dette må ordnast med oss på førehand. Næringskundar kan på lik linje med privatpersonar betale med kort på staden og då treng ein ikkje fullmakt.

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,25 per kilo inkl. mva. frå fyrste kilo. Næring kan ikkje levere røter og gråmasse. Vi ber næringskundar ta kontakt med ein entreprenør som kan ta hand om denne type avfall.

Sjå her for oversikt over miljøstasjonane og opningstider.

NB: Når greinplassen på Eidet er vinterstengd, ber vi næringsaktørar ta kontakt med oss i forkant ved levering av store lass slik vi kan avtale leveringa og opne porten på Eidet.

 

Greinplassen på Eidet

Greinplassen på Eidet er sesongopen, sjekk opningstidene/om greinplassen er open ved å klikke på denne lenka.

Kart Eidet greinplass