Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Restavfall

Restavfall er det som er igjen etter at du har sortert avfallet ditt. Restavfall blir samla inn i grøn dunk. Det restavfallet som er så stort at det ikkje får plass i dunken, kallar vi grovavfall. Grovavfall kan du levere på ein av våre miljøstasjonar i opningstid.

Restavfall

Ja

  • Bleier
  • Blomster
  • Filler
  • Glansa innpakningspapir
  • Oske (godt innpakka)
  • Pennar
  • Plast som ikkje er emballasje
  • Q-tips
  • Sneipar
  • Tørkepapir

Nei

  • Batteri
  • Elektronikk
  • Keramikk (leverast til miljøstasjon, mindre mengder kan leverast i restavfallet)
  • Lakk
  • Lyspærer
  • Lysrør
  • Maling
  • Rein papp
  • Rein plastemballasje
  • Reint papir
  • Reint tøy og klede
  • Sement
  • Treverk og treplankar