Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Aimee og Joshua bretta seg til tusenlappar

mai 15, 2023, 18:30 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Syskenparet frå Fosnavåg kan framover pønske på korleis dei skal bruke 10.000 kroner, etter å ha fått gevinst i Returkartonglotteriet.

Då telefonen frå SSR kom til pappa Steinar Eggesbø Hagen om at ein mjølkekartongkubbe med namnet til dottera var trekt ut som vinnar, trudde han fyrst ikkje heilt på det. 

- Vi har halde på med dette i tre, fire år, og har vel snakka om at vi sikkert ikkje vinn, men det er no nyttig å resirkulere likevel, seier han og ler. For plutseleg viste vanen seg å løne seg for meir enn miljøet. 

Ein av kubbane frå familien blei nemleg trekt ut som ein av fleire vinnarar i årets andre nasjonale trekking i Returkartonglotteriet. Denne gongen var det Aimee (10) sitt namn som stod på kartongen, men det kunne like gjerne ha vore namnet til storebror Joshua (12) som stod der.

- Tusjen har fast plass, og så prøvar eg å skrive namna deira på annankvar gong. Vi har ein avtale om at dei skulle dele på ein eventuell premie, fortel Steinar Eggesbø Hagen. Aimee og Joshua avslører at dei allereie har nokre tankar om korleis dei skal bruke premien. På ønskelista står blant anna katt, PC og rideutstyr.

 

Gode vinnarsjansar

Har du også mykje på ønskelista, kan det vere ein god idé og innføre den same skylle-brette-stappe-skrive-vanen som familien frå Fosnavåg. Vinnarsjansane i Returkartonglotteriet er nemleg forholdsvis store, fortel Andrea Øien Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR. 

- Når vi skal leite etter kartongar og kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein som er merka med namn og telefonnummer, fortel ho.

Det er berre tre månader sidan SSR sist kunne ta ein liknande telefon til ein innbyggjar, den gongen var det Monica frå Moltu som stakk av med 10.000 kroner.

 

Fleire trekkingar kvart år

Kvar år trekker Grønt Punkt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Dei deler ut 120 premiar på 10.000 kroner og 4 premiar på 100.000 kroner i året.

Du kan velje om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Det er ikkje lenger krav til kor mange kartongar som skal vere i ein kubbe, slik det tidlegare var. Alle kartongar med namn og nummer er med i trekkinga av 100.000 eller 10.000 kroner.

 

Miljøgevinst i tillegg

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Sæverud.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

1012

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner. 

  • Du kan delta med alle typar drikkekartong, uansett om dei er store eller små, i kubbar eller enkeltvis.

  • Skyll kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer til den du vil skal vinne.