Saman tek vi vare på ressursane

Mjølkeoverrasking til Monica frå Moltu

23. februar 2023 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Gammal vane gav 49-åringen ein uventa gevinst. 

- "Å nei, kva har eg kasta i dunken, no skal dei ta meg!" Det var min fyrste tanke då eg fekk telefon frå SSR, seier Monica Warholm og flirer høgt. Heldigvis viste det seg at samtalen handla om eit hakket lystigare tema.

- Då eg fekk spørsmål om eg hadde drukke ein del mjølk i jula, begynte eg å forstå kva det kanskje kunne handle om, fortel ho.

Warholm er nemleg ein ivrig mjølkekartongbrettar. Støtt og stadig hamnar det nye kartongar med namn og nummer i papirdunken. No er ein av kubbane som ein gong låg i i den blå dunken, trekt ut som vinnar i årets fyrste trekking i Returkartonglotteriet. Den trufaste brettaren frå Moltu blir dermed 10.000 kroner rikare.

- Gått sport i det

Monica Warholm fortel at ho eigentleg alltid har skylt, bretta og stappa mjølkekartongane. 

- Det er faktisk berre eit par dagar sidan eg las ein artikkel der det var ei dame som spurde om det eigentleg var nokon vits. Av gammal vane fortsette eg, og tenkte det er alltids håp. 

Og håp viste det seg å vere. Vinnarsjansane i Returkartonglotteriet er nemleg forholdsvis store, fortel Andrea Øien Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR. Det kan nemleg vere langt mellom dei som har den same vanen ved kjøkenbenken som Monica.

- Når vi skal leite etter kartongar og kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein som er merka med namn og telefonnummer, fortel ho.

Fleire vinnarar kvart år

Kvar år trekker Grønt Punkt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Dei deler ut 120 premiar på 10.000 kroner og 4 premiar på 100.000 kroner i året.

Du kan velje om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Det er ikkje lenger krav til kor mange kartongar som skal vere i ein kubbe, slik det tidlegare var. Alle kartongar med namn og nummer er med i trekkinga av 100.000 eller 10.000 kroner.

Miljøgevinst i tillegg

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Sæverud.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

1012

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner. 

  • Du kan delta med alle typar drikkekartong, uansett om dei er store eller små, i kubbar eller enkeltvis.

  • Skyll kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer til den du vil skal vinne.