sep 6, 2019, 09:16 f.m.
by
Andrea Øien Sæverud
Blir du med på haustjakta etter avfall på avvege?
Aksjonen Hald hausten rein går av stabelen mellom 16. – 22. september i samband med den internasjonale strandryddedagen laurdag 21. september. Hold Norge Rent er initiativtakar til aksjonen. Dersom du bur i kommunane Hareid, Herøy, Sande eller Ulstein og har lyst til å vere med og gjere ein innsats, går du fram slik:
1. Hent strandryddesekkar, skjema og hanskar på din nærmaste miljøstasjon.
2. Plukk!
3. Lever sekkane og registreringsskjema kostnadsfritt på miljøstasjonen.
4. Klapp deg sjølv på skuldra for den viktige innsatsen du har gjort for nærmiljøet, havet, fugle- og dyrelivet.
Til større aksjonar kan SSR hjelpe til med konteinar, dette må i så fall avtalast i god tid i forkant. Ryddinga treng ikkje å gå føre seg langs ei strand. Ønskjer du å rydde i nabolaget, langs eit vassdrag eller i skogen, kan du også vere med på aksjonen.
Kvifor haustrydding?
Avfall kjem på avvege året rundt. Å rydde om hausten er ein stor fordel, då ein unngår å forstyrre hekkesesongen til fuglane om våren og sommaren.
Plast som blir liggande i naturen over vinteren, kan bli brote ned til små bitar som er vanskelege å rydde når våren kjem - og lettare for fuglar og dyr å få i seg.
Kontakt oss gjerne på firmapost@reinhaldsverket.no eller 70 00 70 50 om du har spørsmål eller treng hjelp. Takk for innsatsen!