Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Er dei gamle vindauga dine giftige?

jun 24, 2019, 14:52 e.m. by Andrea Øien Sæverud

Kast gamle glasruter på rett plass - elles risikerer du å spreie miljøgifter.

Dersom du pussar opp og skal skifte ut gamle vindauge, må du vere obs på at dei kan innehalde miljøgiftene PCB eller klorparafinar. Desse stoffa er giftige for både folk og dyr.

Norske isolerglasruter frå perioden 1965–75 kan innehalde PCB og skal dermed behandlast som farleg avfall. Importerte vindauge kan innehalde PCB heilt fram til 1980.

Slike vindauge leverer privatpersonar gratis på miljøstasjonen som farleg avfall. 

PCB er i dag forbode å bruke, men stoffet kan framleis leke ut frå gamle produkt og materialar, særleg når dei endar opp som avfall. PCB er svært skadeleg for oss menneske. Det kan svekke immunforsvaret vårt, skade nervesystemet, gi leverkreft og skade forplantingsevna. PCB har også negativ innverknad på læringsevna og utviklinga vår.

Sjekk produksjonsår

Har du gamle vindauge som du skal kvitte deg med, finn du som regel produksjonsår og kven som har produsert vindauget på metallista mellom glaslaga. Isolerglasvindauge som kan innehalde PCB, må leverast med ramme/karm. Dette fordi PCBet sit i limen og tetningslistene som er brukt til å feste glaset. 

Er vindauget merka "Thermopane", inneheld det ikkje PCB. Sjå elles denne lenka for korleis du kan finne ut om vindauget inneheld PCB. Vi kan også hjelpe deg med dette på miljøstasjonen. Vindauge utan PCB/klorparafinar leverer du som grovavfall til kilopris.

Hugs at du som privatperson kan levere inntil 1000 kilo farleg avfall på miljøstasjonen gratis kvart år.

Takk for at du sorterer – også dei store tinga!