Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ny miljøstasjon i Sande kommune

nov 21, 2017, 14:16 e.m. by Linn Urke Osnes

Torsdag 23. november er det offisiell opning av den nye miljøstasjonen i Myklebustmyrane i Sande kommune. Fyrste opningsdag for publikum er tysdag 28. november.

Miljøstasjonen i Myklebustmyrane har utvida opningstider samanlikna med den gamle på Larsnes, og er open tysdagar og torsdagar klokka 14.00-19.00. Miljøstasjonen på Larsnes stengjer, og har siste opningsdag tysdag 21. november.

Den nye miljøstasjonen er ein moderne og framtidsretta miljøstasjon der ein kan levere mange typar avfall som ein ikkje får henta heime. Her blir også grein- og hageavfallsplass.

På den nye miljøstasjonen er det vektbasert betalingssystem. Er du usikker på kva som er gratis og kva som er betalingsvarer, kan du finne meir informasjon om det her.

Vi ønskjer velkomen og håper mange i Sande kommune besøkjer og nyttar miljøstasjonen framover!