Saman tek vi vare på ressursane

Abonnement og prisar

 

Du kan velje mellom tre ulike abonnement alt etter kor mykje avfall husstanden har:

Storhushald: kr 3.453,60,- (kr 4.317 inkl. mva) 240 l blå og 240 l grøn, henting kvar andre veke.

Standardgebyr: kr 3.141,60,- (kr 3.927 inkl. mva.) 240 l blå og 140 l grøn, henting kvar andre veke.

Redusert gebyr: kr 2.731,20,- (kr 3.414 inkl. mva.) 240 l blå og 140 l grøn, henting kvar fjerde veke.

Anna nyttig prisinformasjon:

 

Heimekompostering: Kr 513,- i reduksjon pr. år på renovasjonsgebyr uavhengig av type abonnement. (Maks. to hustandar per kompostbinge). Les meir om korleis du kan få fråtrekket her.

Fritidseigedomar: (1/4 av standard): kr 780,- (kr 975 inkl. mva.) - dunk eller 12 sekkar.

Ekstrasekkar for restavfall: Pris pr. ekstrasekk: kr 20,- (kr 25 inkl. mva.) Sekkane kan du kjøpe på miljøstasjonen i Saunesmarka, Mjølstadneset eller Larsnes.

Utskifting av dunkar på løpande abonnement: kr 204,- pr. gong (kr 255,- inkl. mva.)

Gebyr oppstart nytt abonnement / oppstart av kvilande abonnement: kr 816,- pr. gong (kr 1.020,- inkl. mva.)

 

 

dunkeløysing Oversikt gratis betaling miljøstasjon pris inkl mva opningstider oppdatert 2017 krympa

Treng du ekstrasekk?

Etter selskap og ved andre høve samlar det seg ofte ekstra restavfall og vi får ikkje plass til alt i grønedunken. Du kan kjøpe ekstrasekkar (Både gule og oransje er gyldige) for kr 25 inkl mva. på miljøstasjonane. Disse kan du sette ut saman med dunken på hentedag. Svarte og andre ugyldige sekkar vil ikkje bli samla inn.

Ekstrasekk

Eigarskifte

Ved kjøp og sal av bolig, er kjøpar og selgar sjølve ansvarlege for å gjere opp seg i mellom. SSR får automatisk beskjed om endring av eigarforhold når dette er tinglyst i matrikkelen (Kartverkets register over fast eigedom). Dunkar som allereie er utlevert til ein bolig skal ikkje leverast inn sjølv om den som abonnementet står på skal flytte frå boligen eller selge huset. Dunkane skal følgje huset, nye lappar vert automatisk utsendt ved eigarskifte. Dunkar skal kun leverast tilbake til SSR i dei tilfelle der hus skal rivast, der boligar vert permanent fråflytta eller der det blir innvilga fritak for renovasjon.

Søkje fritak?

Du kan søkje fritak for renovasjon om bustaden står tom. Hugs å søkje i god tid (minimum 3 veker før ny termin startar; 1. januar, 1. mai og 1. september). Søknad om fritak skal vere skriftleg, send brev eller e-post. I søknaden skal det kome fram kva eigedom søknaden gjeld og kvifor ein søkjer fritak.

Fakturering

Vi sender ut faktura 3 gonger pr. år, januar, mai og september. Ved innvilga fritak og endring av abonnement vil ikkje allereie påbegynt termin bli kreditert.

Hugs difor å seie ifrå i god tid før ny termin startar (minimum 3 veker) om du ønskjer å endre eller søke fritak.

 

Innsamling av avfall
Om du kjeldesorterer plast, får du om lag 40% mindre restavfall.