Saman tek vi vare på ressursane

Skal du arrangere ryddeaksjon?

22. september 2026 av Nina Sævik

Ryddeaksjonar er ein givande måte å halde naturen rein på, og det kan dessutan vere gøy og sosialt. Du kan rydde aleine eller saman med andre.

Tips til ein god ryddeaksjon:

  • Finn ei strand, øy, elv, innsjø e.l. som er forsøpla og eignar seg for rydding.
  • Ta med familie, vener, kollegaer, naboar eller andre som vil bidra.
  • SSR deler ut gratis ryddeutstyr, både sekkar og hanskar, på alle miljøstasjonane. Treng du store mengder, ta kontakt på rydde@reinhaldsverket.no
  • Lever avfallet på ein av miljøstasjonane våre. Ta kontakt på rydde@reinhaldsverket.no dersom det er mykje avfall og vanskeleg å få levert sjølv. Då kan vi få ordna henting av avfallet. 

Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut konteinar til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. Dette må avtalast med oss i forkant av aksjonen. Ta kontakt med oss på rydde@reinhaldsverket.no.

Du finn fleire tips til ein god ryddeaksjon her

Sjå også: Rydd – og ten pengar til foreininga di!

Har du spørsmål? Send e-post til rydde@reinhaldsverket.no eller ring 70 00 70 50. 

Og du, tusen takk for at du er med på å gjere området vårt endå litt finare!