Har du lyst til å gjere ein innsats for å rydde i nærmiljøet? Her kjem oppskrifta:
- Hent strandryddesekkar på din nærmaste miljøstasjon. Vi har også ein del hanskar til utdeling. Desse kan brukast fleire gonger og vaskast i vaskemaskin.
- Plukk! Del dykk opp i mindre grupper dersom de er ein stor gjeng, slik at de ikkje skremmer fuglar og dyr. Hald god avstand til hekkande fuglar og reir.Klikk her for å lese råda frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for korleis ta vare på fuglelivet under strandrydding.
- Lever strandryddesekkane gratis på nærmaste miljøstasjon. Samtidig leverer du skjemaet frå Hold Norge Rent. På den måten får vi inn viktig statistikk og dokumentasjon. Er det snakk om ein større aksjon, er det supert om du registrerer den i ryddeportalen til Hold Norge Rent i forkant. OBS: Frå og med mars 2020 har det vore greitt å ikkje levere skjemaet, men heller sende ein bilde av fangsten på sms til telefonnummeret du får på vekta på miljøstasjonen.

Tinging av container
Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut container til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. Dette må avtalast med oss i god tid før aksjonen.
Vi ber om at containerane berre blir brukte til opprydding av det som ligg i grøftene og strandkanten. Har du behov for å rydde garasjen, leverer du direkte til miljøstasjonen. SSR ønskjer å halde fram med å tilby container til strandrydding. Gjer derfor vel og ikkje misbruk ordninga.
Har du planar om å rydde ein plass der du treng båt for å få frakta avfallet til miljøstasjonen? Då kan vi sette deg i kontakt med Skjergardstenesta til Sunnmøre friluftsråd eller den frivillige organisasjonen Fallgard i Herøy som kan hjelpe til med båt.
Takk!
Når du er med på å rydde opp det som ikkje høyrer heime i naturen vår, gjer du ein viktig innsats både for fuglar, fisk og felleskapet.
Marin forsøpling er ei stor utfordring. Vi som lever her ute på øyane, ved og av havet, ser utfordringa med eigne auge kvar dag.
Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det ein heil del.
Takk for at akkurat du gjer ein innsats for å ta vare på det vakre området vårt.