Saman tek vi vare på ressursane

Bli med på Plastdugnaden – søk no!

22. september 2026 av Nina Sævik

Er du med i eit lag eller ei forening? No kan de få 500 kr per deltakar for å rydde bos.

Plastdugnaden lyser ut dei resterande midlane frå vårens utlysing. Søknadsfristen er 15. november 2026.

Desse kan søke:

  • Foreiningar som idrettslag, klubb, korps, drillag eller kor.
  • Har medlemmer i alderen 6-19 år.
  • Er registrert i Brønnøysundregisteret og har organisasjonsnummer.

Desse kan ikkje søke:

  • De som var med i vårens Plastdugnad.
  • Borettslag og velforeiningar, skular, FAU og russegrupper
  • Foreininger med plast/miljø som hovudformål

Fleire lag/grupper fra same foreining kan søke, men det blir utbetalt til kun eitt felles kontonummer som tilhøyrer foreininga som står som søker.

Kor mykje kan ein søke om?

Ein kan søkje om 500 kroner per deltakar (6-19 år) som ryddar i minst tre timar.

Maksimal søknadssum per organisasjon er 50 000 kroner. Dette tilsvarar 100 deltakarar i dugnaden (500 kroner per deltakar).

Viktige datoar: 

  • 17. august: Opent for søknadar
  • 15. november: Søknadsfrist
  • 30. november: Dugnad må vere gjennomført og sluttrapportert

Sjå her for meir informasjon og søknadsskjema

Plastdugnaden er eit samarbeid mellom Handelens Miljøfond og 18 SpareBank 1-stiftelser over heile landet.