Ledige stillingar
Vi søkjer sjåfør/renovatør i 100 % stilling

SSR har ledig ei allsidig stilling som sjåfør/renovatør. Vi ser etter deg som er klar for ein aktiv arbeidskvardag og trivst med å veksle mellom ulike oppgåver, både ute på bil og inne på miljøstasjon.
Du får desse oppgåvene:
- Sjåfør ved behov på komprimatorbil og krokbil
- Arbeid på SSR sine miljøstasjonar og anlegg
- Renovatør på komprimatorbil
- Yte god rettleiing og service til kundar
Du har desse kvalifikasjonane:
- Sertifikat klasse C og Yrkessjåførkompetansebevis (YSK) er sterkt ønskeleg, men ikkje eit krav
- Sertifikat klasse B
- God fysisk helse
- Må uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig med gode samarbeidsevner
- Utadvendt, engasjert og godt humør
- Fleksibel og samarbeider godt med andre
- Ordensmenneske med gode haldningar til HMS
- Kundevenleg, systematisk og nøyaktig
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Vi tilbyr:
- Ei allsidig stilling i ein spennande bransje
- Nye og moderne anlegg
- Lønn etter avtale, og pensjonsordningar gjennom KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.
Send søknad og CV på e-post til rune@reinhaldsverket.no.
Søknadsfrist 23. november 2025.