Saman tek vi vare på ressursane

Grovavfallshenting på Kvamsøy og Sandsøy

28. august 2026 av Nina Sævik

8. og 9. september tek vi turen til øyane i ytre Sande for å hente med oss grovavfall, metall, øydelagde tekstilar, farleg avfall og EE-avfall.

 

Tid og stad

  • Kvamsøy: Tysdag 8. september kl. 12.45-18.30. Bilen står ved ferjekaia.
  • Sandsøy: Onsdag 9. september kl. 12.45-18.30. Bilen står ved Coop Marked Sandsøy.

Øydelagde tekstilar og klede

No kan du også ta med deg øydelagde tekstilar/klede ved grovavfallshenting. Dette er tekstilar som vi sender vidare til materialgjenvinning, og ikkje ombruk. 

Dei øydelagde tekstilane/kleda må vere:

  • reine og tørre (kan ha flekkar)
  • av ull, bomull, lin eller silke
  • pakka i ein gjennomsiktig pose

Desse tekstilane og kleda kan ikkje gjenvinnast og må kastast som restavfall:

  • Undertøy og sokkar
  • Syntetisk materiale som badeklede og treningstights 
  • Tekstilar med glitter og paljettar
  • Regntøy, fleece og softshell 
  • Tekstilar med fleire lag: yttertøy, vottar, dyner/puter
  • Klede med refleks
  • Sko, vesker, skinn og lêr
  • Klede som er våte, fuktige eller tilgrisa.
For å levere tekstilar gratis må posen vere rett sortert. Inneheld han tekstilar eller klede som høyrer heime i restavfallet, blir det teke betalt for posen.

 

Pris og betaling

  • Minstesummen for levering av grovavfall er 70 kroner. Deretter blir prisen
    rekna ut etter volum: 70 kroner per 0,1 m³, 700 kroner per m³.
  • Det er gratis å levere metall.
  • Privatkundar kan levere EE-avfall og farleg avfall gratis.
  • Næringskundar betaler volumpris for EE-avfall og farleg avfall.
  • Ta gjerne med den raude boksen din med farleg avfall for å få den tømt. 

Betalinga skjer via kortautomat. Velkomen!