8. og 9. september tek vi turen til øyane i ytre Sande for å hente med oss grovavfall, metall, øydelagde tekstilar, farleg avfall og EE-avfall.
- Kvamsøy: Tysdag 8. september kl. 12.45-18.30. Bilen står ved ferjekaia.
- Sandsøy: Onsdag 9. september kl. 12.45-18.30. Bilen står ved Coop Marked Sandsøy.
Minstesummen ved levering av grovavfall er 70 kroner. Elles blir prisen rekna ut utifrå volum. Volumgebyret er 70 kroner per 0,1 kubikkmeter, 700 kroner per kubikkmeter.
No kan du også ta med deg øydelagde tekstilar ved grovavfallshenting. Tekstilane må vere pakka i ein gjennomsiktig pose når du leverer dei. Dei skal vere reine og tørre, og laga av ull, bomull, lin eller silke. Kleda kan vere utslitne, holete og/eller flekkete, men ikkje våte, fuktige eller tilgrisa, då slike tekstilar ikkje eignar seg for gjenvinning. Les meir om kva tekstilar som ikkje kan leverast som øydelagde tekstilar.
Det er kostnadsfritt å levere metall for alle. Privatkundar kan levere både EE-avfall og farleg avfall gratis, medan det er kubikkpris for næringskundar. Ta gjerne med den raude boksen din med farleg avfall for å få den tømt.
Betalinga skjer via kortautomat. Velkomen!