Har du ting du vil kvitte deg med, men kvardagen er full av andre gjeremål? Miljøstasjonen i Saunesmarka har ope ti laurdagar kl. 12.00-16.00 i vårsesongen.
Tilbodet gjeld utvalde laurdagar frå april til oktober, når det er høgsesong for kasting av avfall på miljøstasjonen. Når det vårast, livnar også rydde- og kastelysta til!
Laurdagar vi held ope i Saunesmarka i 2026:
11. april
25. april
9. mai
30. mai
13. juni
27. juni
22. august
5. september
19. september
10. oktober
Skal du kaste hageavfall?
Greinplassen på Eidet opnar fredag 10. april. For meir informasjon om greinplassen og kva du kan levere der, sjå her.
Velkomen innom oss!