Frå fredag 10. april kan du levere hageavfall på greinplassen på Eidet. Greinplassen held døgnope til ut september.
Les dette før du tek i bruk greinplassen:
- Gras, blad, greiner og stammar under 25 cm i diameter er gratis å levere for privatpersonar. Røter, stammar over 25 cm i diameter og jord (aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kostar kr 1,40 per kg, og skal leverast på miljøstasjonen.
- Ved bruk av firmabil, lastebil eller traktor er ein definert som næringskunde, og SSR er plikta å ta betalt for det du leverer.
- Næringskundar kan bruke greinplassen etter avtale, og skal betale for alt hageavfall dei leverer. Kontakt SSR på 90 95 57 81 / bedrift@reinhaldsverket.no for å opprette avtale.
- På miljøstasjonen i Saunesmarka vil ein kunne levere hageavfall året rundt, men bruk helst greinplassen i sommarhalvåret.
- Har du svartelista planteartar i hagen din, lever desse i eigen konteinar/dunk på miljøstasjonen eller på Eidet. Då gjer du ein innsats for å sikre den naturlege vegetasjonen i nærområdet. Les meir: Har du ein versting i hagen?
- Og til slutt – plast er plast, og ikkje hageavfall. Fjern plastposar og plastkrukker før du leverer frå deg hageavfallet.
Greinplassen er ubemanna og basert på tillit. Ved misbruk, forsøpling eller manglande betaling, vil det bli avvikla.
Velkomen innom!