På grunn av heilagdagar endrar vi hentedag i enkelte soner.
Vi hoppar ikkje over nokon hentingar, men flyttar litt på enkelte hentedagar. Det kjem både sms-varsel og annonse i avisa når det nærmar seg.
Desse sonene må hugse på å sette ut dunkane på ein annan vekedag enn vanleg:
Ulstein kommune:
Sone 3: Onsdag 1. april blir henta som vanleg (Matavfall, papir og plastemballasje).
Sone 4: Torsdag 2. april blir henta måndag 30. mars (Matavfall, papir og plastemballasje).
Sone 5: Fredag 3. april blir henta tysdag 31. mars (Matavfall, papir og plastemballasje).
Herøy kommune
Sone 6: Måndag 6. april blir henta onsdag 8. april (Matavfall og restavfall).
Onsdag 1. april er miljøstasjonen i Saunesmarka open kl. 08.00-12.00. Mjølstadneset held stengt denne dagen.
Takk for samarbeidet – og god påske!