Gratulerer til Synnøve Remøy Hasund frå Ulsteinvik, som har vunne 10 000 kr i Returkartonglotteriet!
Dette er faktisk ikkje fyrste gongen ho stikk av med gevinsten – Synnøve vann også heilt tilbake i 1997, då lotteriet starta. Den gongen var ho den aller første vinnaren SSR trekte.
Sidan då har ho jamt og trutt bretta kartongar og skrive på namn og nummer. No gav det utteljing igjen:
– Eg trudde aldri eg skulle vinne ein gong til. Det er like kjekt no som for snart 30 år sidan, smiler ho.
Gratulerer så mykje igjen, Synnøve!
Er du gira på å delta?
Fire gongar i året blir det trekt vinnarar i Returkartonglotteriet. Sjå oppskrifta under:
- Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.
- Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.
- Du kan delta med alle typar drikkekartongar, uansett om dei er store eller små, i kubbar eller enkeltvis.
- Skyl kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer til den du vil skal vinne.