Saman tek vi vare på ressursane

Headset starta brann i restavfallet

25. februar 2026 av Nina Sævik

Seint søndag kveld fekk vi eit nytt bevis på kor viktig det er å kaste ting på rett plass. Då starta det å ryke frå SSR sin restavfallstank ved hurtigbåtkaia på Hareid.

Hareid og Ulstein brannvesen fekk raskt kontroll over situasjonen, og tilsette i SSR var på plass for å hjelpe med oppkraning og tømming.

Etter nærmare undersøking, ser det ut til at brannen starta i eit trådlaust headset. I tanken var det også overraskande mykje kablar og elektronikk.

– Når trådlaus elektronikk tek fyr, er det batteriet som er årsaka. Vi kan ikkje streke nok under kor viktig det er å kaste EE-avfall og batteri på rett plass, seier Live Gandborg, branningeniør i Hareid og Ulstein brannvesen.

Eit samfunnsproblem

Gandborg fortel at Hareid og Ulstein brannvesen rykker jamleg ut til brannar der batteri viser seg å vere syndaren, anten det er heime hos folk, i avfallskonteinarar eller i returbehaldarar i butikkar.

– Vi ser ein tydeleg auke i talet på brannar som startar med batteri. Det er blitt eit reelt samfunnsproblem. Om det er eit batteri frå ein drill, ei klokke eller ein el-sykkel spelar inga rolle. Alle batteri utgjer ein alvorleg brannfare i det augeblikket det blir kasta feil, seier Gandborg.

Live og Rune Headset 2

Kan gå mykje verre

Denne gongen blei det med «berre» eit branntilløp – men neste gong kan utfallet bli langt meir alvorleg.

– Dei nedgravde avfallstankane våre er heldigvis svært brannsikre sidan dei er av betong/stål og er plasserte under jorda. Om ein liknande brann oppstår i restavfallsdunken heime inntil husveggen, kan det gå mykje verre. Det er frykta vår, og noko vi ønskjer å minne innbyggjarane om, til deira eige beste, seier Rune Tarberg, driftsleiar i SSR.

Slik kastar du rett:

  • Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) kan leverast gratis på miljøstasjonen eller i butikkar som sel tilsvarande produkt. Alt med leidning eller batteri er EE-avfall.
  • Batteri skal leverast på miljøstasjonen eller i butikkar som sel batteri. 
    Hugs å teipe polane på småbatteri og samle dei i eit lite glas eller ein boks.