Saman tek vi vare på ressursane

Sprøyter skal ikkje i papirdunken

11. februar 2026 av Nina Sævik

Sorteringsbandet2

På sorteringsbandet vårt i Saunesmarka jobbar tilsette kvar dag med å sortere plastemballasjesekkar for seg, og papp og papir for seg.  

 

Dette er ein viktig jobb – for papp er ikkje berre papp, og papir er heller ikkje berre papir.

Takk vere dei som jobbar her får vi:

  • Super kvalitet til resirkulering
  • Betre betalt for papiret vi sender frå oss
  • Spart endå fleire tre

Men innimellom dukkar det opp ting som aldri burde vere i ein papirdunk eller i ein plastemballasjesekk. Ein gjengangar er sprøytespissar.

Fleire gongar i året må tilsette til legevakta for å sjekke seg for hepatitt og HIV etter å ha stukke seg på ein bortkomen sprøytespiss.

Slik kastar du sprøyter på rett måte:

  • Du kan kaste sprøytespissar i restavfallet. Pakk dei godt inn – for eksempel i papir, tørkepapir eller samle opp fleire i ei tom plastflaske / syltetøyglas som du kastar i restavfallet.
  • Har du mange sprøytespissar, kan du kjøpe ein gul boks for smittefarleg avfall (50 l) frå SSR. Vi køyrer rute med smittefarleg avfall siste fredagen i månaden mot betaling. Ta kontakt på post@reinhaldsverket.no eller 70 00 70 50 når boksen din er full.

Takk for at du viser omsyn – og kastar rett! Det kan førebyggje skadar og gjere kvardagen tryggare for dei som sorterer avfallet vårt.

 

Sprøytespissar