Mai månad gir nye hentedagar for både sone 3, 5, 6 og 9. Alle innbyggjarane som får endra hentedag, skal ha fått eller får sms-varsel om det i god tid.
- Onsdag 1. mai (sone 3) blir køyrt tysdag 30. april (matavfall, plastemballasje og papir)
- Torsdag 9. mai (sone 9) blir køyrt onsdag 8. mai (matavfall og restavfall)
- Fredag 17. mai (sone 5) blir køyrt torsdag 16. mai (matavfall og restavfall)
- Måndag 20. mai (sone 6) blir køyrt tysdag 21. mai (matavfall, plastemballasje og papir).
Alle innbyggjarane som får endra hentedag, skal ha fått eller får sms-varsel om det i god tid. Vi anbefaler elles å følgje med på hentekalenderen i appen Min Renovasjon. Du finn også ein utskriftsvenleg kalender ved å trykke her.
Desse dagane køyrer vi doble ruter, noko som kan bety at vi dukkar opp seinare enn vanleg både i desse sonene og dei vi opphavleg skal køyre. Ein god regel er å la dunken stå ute til han er tømd.
Takk for samarbeidet!