Alle miljøstasjonane våre held førebels ope til vanlege tider.
På grunn av faren for koronasmitte og medarbeidarar som blir sjuke eller sett i karantene, kan likevel ein eller fleire av miljøstasjonane bli stengde på kort varsel.
I ein pressa situasjon vil avfallshentinga heime hjå innbyggjarane ha førsteprioritert. Då kan vi kome til å måtte stenge miljøstasjonar for å frigjere personell til andre oppgåver.
Før du tek turen, hugs på dette:
- Er du i karantene, sjuk, eller kjenner deg ikkje heilt i slag, så må du heller ta igjen turen ved eit seinare høve. Vi er avhengige av å halde medarbeidarane våre friske for å kunne halde fram med å tømme dunkane dine. Takk for at du respekterer dette.
- Ved stor pågang på miljøstasjonane avgrensar vi kor mange som får kome inn samtidig.
- På miljøstasjonane skal ein unngå handhelsing og nærkontakt. God handhygiene er alltid viktig både for oss og deg. Det er sett fram handsprit i vektbua som ein kan nytte seg av før og etter besøk.
- Du får dessverre ikkje like mykje hjelp med løfting og lemping som til vanleg. Takk for at du held ein viss avstand til oss som er på jobb.
- Administrasjonsbygget er stengt for besøkande. Ta heller kontakt med oss på telefon (70 00 70 50), e-post firmapost@reinhaldsverket.no, eller på Facebook-sida vår.
Følg med her på nettsida, på Facebook og i avisannonser for å halde deg oppdatert.
Opningstidene på dei ulike miljøstasjonane finn du her.
Takk for samarbeidet - ta gjerne kontakt om noko er uklart.