Har du lyst til å gjere ein innsats for nærmiljøet?
Her kjem oppskrifta på korleis:
- Utstyr!
Hent strandryddesekkar på din nærmaste miljøstasjon. Vi har også ein del hanskar til utdeling. Desse kan brukast fleire gonger og vaskast i vaskemaskin.
- Plukk!
Del dykk opp i mindre grupper dersom de er ein stor gjeng, slik at de ikkje skremmer fuglar og dyr. Hald god avstand til hekkande fuglar og reir.
Les om korleis ta vare på fuglelivet under strandrydding.
- SSR kan ikkje ta imot gassflasker, eksplosivar og asbest / eternitt som kjem frå strandrydding. Dersom du kjem over denne type avfall, skal du la det ligge. Du kan melde frå om funn til forureiningsmyndigheita i den kommunen du ryddar i. Les her for meir informasjon.
- Alle ryddeaksjonar skal ha ein kvalitetsansvarleg. Denne personen har ansvar for å informere deltakarar i ryddeaksjonen om korleis handtere farleg avfall, og sikre at gassflasker, eksplosivar og asbest / eternitt ikkje kjem med i sekkar / konteinar. Les her for meir informasjon.
- Lever og registrer!
Lever strandryddesekkane gratis på din nærmaste miljøstasjon. Registrer området som er rydda på ryddenorge.no eller med Rydde-appen. Rydde er eit digitalt verktøy som skal hjelpe Hold Norge Rent og frivillige ryddarar å få oversikt over planlagde/gjennomførte ryddeaksjonar og forsøpla områder. Slik blir det lettare for andre å finne kva områder som treng rydding utan at ein nødvendigvis må reise på synfaring fyrst.

Tinging av container
Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut container til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. Dette må avtalast med oss i god tid før aksjonen.
Vi ber om at containerane berre blir brukte til opprydding av det som ligg i grøftene og strandkanten. Har du behov for å rydde garasjen, leverer du direkte til miljøstasjonen. SSR ønskjer å halde fram med å tilby container til strandrydding, gjer derfor vel og ikkje misbruk ordninga.
Har du planar om å rydde ein plass der du treng båt for å få frakta avfallet til miljøstasjonen? Då kan vi sette deg i kontakt med Skjergardstenesta til Sunnmøre friluftsråd eller den frivillige organisasjonen Fallgard i Herøy som kan hjelpe til med båt.
Takk!
Når du er med på å rydde opp det som ikkje høyrer heime i naturen vår, gjer du ein viktig innsats både for fuglar, fisk og felleskapet.
Marin forsøpling er ei stor utfordring. Vi som lever her ute på øyane, ved og av havet, ser utfordringa med eigne auge kvar dag.
Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det ein heil del.
Takk for at akkurat du gjer ein innsats for å ta vare på det vakre området vårt.