Saman tek vi vare på ressursane

Ryddeaksjonar

strandrydding

Har du lyst til å gjere ein innsats for nærmiljøet?

 

Her kjem oppskrifta på korleis: 

  1. Utstyr!
    Hent strandryddesekkar på din nærmaste miljøstasjon. Vi har også ein del hanskar til utdeling. Desse kan brukast fleire gonger og vaskast i vaskemaskin.
  2. Plukk!
    Del dykk opp i mindre grupper dersom de er ein stor gjeng, slik at de ikkje skremmer fuglar og dyr. Hald god avstand til hekkande fuglar og reir. Klikk her for å lese råda frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for korleis ta vare på fuglelivet under strandrydding.
  3. Lever og registrer!
    Lever strandryddesekkane gratis på din nærmaste miljøstasjon. Registrer området som er rydda på ryddenorge.no eller med Rydde-appen. Rydde er eit digitalt verkty som skal hjelpe Hold Norge Rent og frivillige ryddarar å få oversikt over planlagde/gjennomførte ryddeaksjonar og forsøpla områder. Slik blir det lettare for andre å finne kva områder som treng rydding utan at ein nødvendigvis må reise på synfaring fyrst. Pluss at du også bidreg til at Hold Norge Rent får samla inn verdifull informasjon for å halde fram med det viktige arbeidet i kampen mot forsøpling. Her kan du lese meir om Rydde: marfo.no/artikkel/rydde.
 

strandrydding2

Tinging av container

Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut container til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. Dette må avtalast med oss i god tid før aksjonen.

Vi ber om at containerane berre blir brukte til opprydding av det som ligg i grøftene og strandkanten. Har du behov for å rydde garasjen, leverer du direkte til miljøstasjonen. SSR ønskjer å halde fram med å tilby container til strandrydding. Gjer derfor vel og ikkje misbruk ordninga.

Har du planar om å rydde ein plass der du treng båt for å få frakta avfallet til miljøstasjonen? Då kan vi sette deg i kontakt med Skjergardstenesta til Sunnmøre friluftsråd eller den frivillige organisasjonen Fallgard i Herøy som kan hjelpe til med båt. 

 

strandrydde3 

Takk!

Når du er med på å rydde opp det som ikkje høyrer heime i naturen vår, gjer du ein viktig innsats både for fuglar, fisk og felleskapet.

Marin forsøpling er ei stor utfordring. Vi som lever her ute på øyane, ved og av havet, ser utfordringa med eigne auge kvar dag.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det ein heil del.

Takk for at akkurat du gjer ein innsats for å ta vare på det vakre området vårt.

Nasjonale ryddedugnader

Vårryddedagen 16. mars
Vårryddedagen bidrar kvart år til å fjerne store mengder søppel frå norsk natur, før ferdselsforbudet trer i kraft 15. april.

Les meir om Vårryddedagen

Byryddedagen 4. mai
Ein ryddedugnad med mål om å fjerne søppel i byar og tettstadar. Ta med deg vener og familie og lag din eigen ryddeaksjon, eller sjekk om det er eit arrangement du kan bli med på i nærleiken av der du bur.

Les meir om Byryddedagen

Strandryddeveka 13.–22. september
For mange har det blitt ein tradisjon å delta på Strandryddeveka. Både store og små ryddeaksjonar bidrar til ein reinare natur. 

Les meir om Strandryddeveka

Sjå også:
Tips til korleis du planlegg og gjennomfører ein ryddeaksjon

 

Vil du vere med i eit nettverk av lokale strandryddarar?

Då anbefaler vi deg å bli med i Facebook-gruppa Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal.

Her kjem du i kontakt med ein fin gjeng som etter kvart har bygd seg opp god kompetanse på det å finne plast i fjørene våre.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Då er det også fint å kjenne på at ein er fleire som gjer ein innsats.

Velkomen inn i nettverket!