Saman tek vi vare på ressursane

Tips frå renovatøren 

  1. På hentedag, set handtak ut mot vegen der det er mogleg. NB! Om lag halvparten av innbyggjarane får matavfallet sitt tømt av ein ny type renovasjonsbil. Gjeld dette deg, må matavfallsdunken din stå slik at opninga til loket vender ut mot vegen. Les meir om plassering av matavfallsdunken her

  2. Loket på restavfallsdunken skal vere igjen. Om du ikkje får plass til avfallet i dunken, kan du kjøpe ekstra sekkar (bruk rett type sekkar - gule, oransje eller grønne transparente med SSR sin logo).

  3. Papirdunken bør vere halvfull før du set den ut for henting. Du kan sette pappkasser ved sidan av dunken, men pass på å sikre avfallet så det ikkje bles vekk.

  4. Fyll godt opp plastsekken før du set han ut for henting. Knyt igjen plastsekken og bruk berre dei tileigna sekkane.

  5. Ikkje knyt plastsekken fast i dunken. Press den heller saman mellom dei to dunkane, eller legg han oppi blådunken om der er plass.

  6. Vask gjerne dunken med jamne mellomrom med salmiakk. Då blir det trivelagare lukt både for deg, naboen og oss.

  7. Er det sterk vind, hender det vi legg dunkane ned for å unngå at dei skal flyge vekk og gjere skade.

 

Tusen takk for hjelpa!

 

Renovatør Ivy
Plastsekk i dunken

JA

Ha gjerne plastemballasjesekken opp i papirdunken. Hugs å knyte godt igjen.

plastsekk mellom dunkane

JA

Sett dunkane med handtaket ut mot vegen der det er mogleg. Plastsekken kan du presse mellom dunkane for å sikre mor vêr og vind. NB! Om matavfallet ditt blir tømt av den nye renovasjonsbilen vår, må matavfallsdunken din stå slik at opninga til loket vender ut mot vegen. Les meir her.

Plastsekk knytt fast i dunk

NEI

Ikkje knyt plastemballasjesekken fast i dunken.