Frå og med januar 2025 får halvparten av innbyggjarane i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande tømt matavfallsdunken sin av ein ny type renovasjonsbil, ein sidelastar. Forskjellen på denne og dei andre renovasjonsbilane våre, er at sidelastaren har ein mekanisk arm som tømmer dunkane, i staden for at ein tilsett i SSR (renovatør) gjer det. Dette gjer at matavfallsdunken må stå litt annleis enn dei andre dunkane.
Dei innbyggjarane som får tømt matavfallsdunken sin av sidelastaren har fått eit infoskriv om dette i posten. Enkelte stadar er det ikkje mogleg for sidelastaren å tømme dunkar. Dei dette gjeld har fått informasjon og kart over ny plassering av dunkar.
Alle dunkar er merka med klistremerket "Denne sida ut mote vegen", noko som no vil oppfattast misvisande på matavfallsdunken. Vi har diverre ikkje kapasitet til å køyre rundt og fjerne desse på matavfallsdunkane til alle abonnentane som er omfatta av den nye ordninga med sidelastar.
Med den nye renovasjonsbilen ønskjer vi å vere meir effektive i arbeidet vårt, og vi håpar at du blir nøgd med den nye ordninga. For å få mest mogleg utbytte av bilen, er vi avhengig av eit godt samarbeid med deg som innbyggjar – noko vi har stor tru på at vi får til!
Dunkane må stå fint samla på ei rekke langs vegen, med opninga til loket vendt mot vegen.
Ved blindveg kan ikkje dunkane stå heilt i enden av gata.
Stein på loket! Dunken står feil veg, og for nær dunken ved sidan av.
Dunkane står feil veg og for nær enden av vegen.