Saman tek vi vare på ressursane
mor og son med dunkar


Bestille eller endre abonnement

Du kan velje mellom ulike abonnement alt etter kor mykje avfall husstanden din har:

Standardabonnement: kr 4.989,-
240 l blå papirdunk, 140 l grøn restavfallsdunk, 140 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag. 

Ein kan byte til større dunkar mot eit fast tilleggsgebyr.

Avfallstype:Dunkestorleik:Tilleggspris til standardgebyr pr. år:
RestavfallBytte frå 140L restavfallsdunk til 240L501,-
RestavfallBytte frå 140L restavfallsdunk til 660L3.531,-
MatavfallBytte frå 140L matavfallsdunk til 240L897,-
PapirBytte frå 240L papiravfallsdunk til 660L882,-


Du kan også bestille fleire dunkar i tillegg til dei dunkane du har i dag mot eit fast tilleggsgebyr.

Avfallstype:Dunkestorleik:Tilleggspris til standardgebyr pr. år:
RestavfallEkstra 140L1.122,-
RestavfallEkstra 240L1.803,-
RestavfallEkstra 660L4.650,-
PapiravfallEkstra 140L405,-
PapiravfallEkstra 240L630,-
PapiravfallEkstra 660L1.560,-


Redusert abonnement: kr 4.662,-
80 l blå papirdunk, 80 l grøn restavfallsdunk, 80 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag. 

Delt abonnement (fleire husstandar deler dunkar): kr 4.335,- per husstand
Døme på to husstandar som deler:

240 l blå papirdunk, 240 l grøn restavfallsdunk, 140 / 240 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag.

Anna nyttig prisinformasjon:
Heimekompostering: Kr 513,- i reduksjon pr. år på renovasjonsgebyr uavhengig av type abonnement. (Maks. to hustandar per kompostbinge). Les meir om korleis du kan få fråtrekket her.

Fritidseigedomar: (ca. 1/4 av standardgebyr): 1.248,-. 140L restavfallsdunk, nedgravd løysing eller 12 sekkar til restavfall.

Du kan velje å byte 140L restavfallsdunken til ein 240L restavfallsdunk mot eit fast gebyrtillegg på 504,-.

Vil du ha eigen matavfallsdunk i tillegg til restavfallsdunk? Du kan velje å ha ein 80L matavfallsdunk med henting kvar 14. dag og ein 80L restavfallsdunk (henting kvar 4. veke). Prisen blir då 1.422,-.

Ekstrasekkar for restavfall: Pris pr. ekstrasekk: kr 48,-.  Sekkane kan du kjøpe på miljøstasjonen i Saunesmarka, Mjølstadneset eller Myklebustmyrane.

Endring av abonnement: kr 295,- pr. gong.

Gebyr oppstart nytt abonnement / oppstart av abonnement med fritak: kr 1.180,- pr. gong.

Skriv inn namnet ditt

Skriv inn gateadressa di

Skriv inn postnummeret ditt

Skriv inn poststad

Skriv inn gards-og bruksnummer

Kommune

Skriv inn telefonnummeret ditt

Skriv inn e-postadressa di om du har

Ved oppstart av abonnement er der eit eingongsgebyr på kr 1.180 (inkl. mva). Dette inkluderer utkøyring av dunkane.

Ved bytte av abonnement og dunkar, tek vi eit gebyr på 295 kr. Ein må rekne med opp mot 14 dagar ventetid på utlevering av dunk.
Ver oppmerksam på at dunken/dunkane ikkje står innelåst i garasje, kjellar eller liknande slik at vi får tak i dei når vi kjem for å bytte.

Endre størrelsen på restavfallsdunken:

Obs! Etter du har trykt på knappen for å bestille/endre abonnement, vent til du får stadfestingssida på at bestillinga di er sendt.
Om du ikkje får denne etter å ha venta i 10-15 sekund, ta kontakt med oss pr. e-post på firmapost@reinhaldsverket.no eller på telefon 70 00 70 50.

Treng du ekstrasekk?

Etter festlege lag og høgtider samlar det seg ofte opp ekstra restavfall og du får ikkje plass til alt i dunken. Då kan du kjøpe ekstrasekkar for kr 48,- på miljøstasjonane. Desse set du ut saman med dunken på hentedag. Svarte og andre ugyldige sekkar vil ikkje bli samla inn.

Fotografi som viser bilete av ein avfallssekk
Andrea Øien Sæverud

Eigarskifte

Ved kjøp og sal av bolig, er kjøpar og selgar sjølve ansvarlege for å gjere opp seg i mellom. SSR får automatisk beskjed om endring av eigarforhold når dette er tinglyst i matrikkelen (Kartverkets register over fast eigedom). Dunkar som allereie er utlevert til ein bolig skal ikkje leverast inn sjølv om den som abonnementet står på skal flytte frå boligen eller selge huset. Dunkane skal følgje huset, nye lappar vert automatisk utsendt ved eigarskifte. Dunkar skal kun leverast tilbake til SSR i dei tilfelle der hus skal rivast, der boligar vert permanent fråflytta eller der det blir innvilga fritak for renovasjon.

Søkje fritak?

Du kan søkje fritak for renovasjon om bustaden står tom. Hugs å søkje i god tid (minimum 3 veker før ny termin startar; 1. januar, 1. mai og 1. september). Søknad om fritak skal vere skriftleg, send brev eller e-post. I søknaden skal det kome fram kva eigedom søknaden gjeld og kvifor ein søkjer fritak.

Fakturering

Vi sender ut faktura 3 gonger pr. år, januar, mai og september. Ved innvilga fritak og endring av abonnement vil ikkje allereie påbegynt termin bli kreditert.

Hugs difor å seie ifrå i god tid før ny termin startar (minimum 3 veker) om du ønskjer å endre eller søke fritak.