Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Øydelagde klede og tekstilar

På stasjonane har vi ein behaldar som er merka «Øydelagde klede og tekstilar». I denne kan du kaste reine og tørre klede og tekstilar av ull, bomull, lin og silke som er utslitne, holete og/eller flekkete. Når du leverer dei, må dei vere pakka i ein gjennomsiktig pose.

Plagg som er våte, fuktige og tilgrisa eignar seg ikkje for gjenvinning.
Følgjande klede og tekstilar eignar seg heller ikkje for gjenvinning, og må kastast som restavfall:
• Undertøy og sokkar
• Syntetisk materiale som badeklede og treningstights 
• Tekstilar med glitter og paljettar
• Regntøy, fleece og softshell 
• Tekstilar med fleire lag: yttertøy, vottar, dyner/puter
• Klede med refleks og glidelås
• Sko, vesker, skinn og lêr
Dersom du har med deg denne type klede og tekstilar til miljøstasjonen har vi ein eigen restavfallsbehaldar dette kan kastast i.

Øydelagde klede og tekstilar

Ja

  • Reine og tørre klede i bomull
  • Reine og tørre klede i lin
  • Reine og tørre klede i silke
  • Reine og tørre klede i ull

Nei

  • Glidelås (må fjernast frå klede du vil levere)
  • Knappar (må fjernast frå klede du vil levere)
  • Syntestiske klede (restavfall)
  • Tilgrisa klede (restavfall)
  • Våte klede (restavfall)