Nyhende
Grovavfallshenting på Kvamsøy og Sandsøy
aug 28, 2026, 09:54 f.m.
by
Nina Sævik

8. og 9. september tek vi turen til øyane i ytre Sande for å hente med oss grovavfall, metall, øydelagde tekstilar, farleg avfall og EE-avfall.
Tid og stad
- Kvamsøy: Tysdag 8. september kl. 12.45-18.30. Bilen står ved ferjekaia.
- Sandsøy: Onsdag 9. september kl. 12.45-18.30. Bilen står ved Coop Marked Sandsøy.
Øydelagde tekstilar og klede
No kan du også ta med deg øydelagde tekstilar/klede ved grovavfallshenting. Dette er tekstilar som vi sender vidare til materialgjenvinning, og ikkje ombruk.
Dei øydelagde tekstilane/kleda må vere:
- reine og tørre (kan ha flekkar)
- av ull, bomull, lin eller silke
- pakka i ein gjennomsiktig pose
Desse tekstilane/kleda kan ikkje gjenvinnast og må kastast som restavfall:
- Undertøy og sokkar
- Syntetisk materiale som badeklede og treningstights
- Tekstilar med glitter og paljettar
- Regntøy, fleece og softshell
- Tekstilar med fleire lag: yttertøy, vottar, dyner/puter
- Klede med refleks
- Sko, vesker, skinn og lêr
- Klede som er våte, fuktige eller tilgrisa.
For å levere tekstilar gratis må posen vere rett sortert. Inneheld han tekstilar eller klede som høyrer heime i restavfallet, blir det teke betalt for posen. Minstesum er 70 kroner. Elles blir prisen rekna ut utifrå volum. Volumgebyret er 70 kroner per 0,1 kubikkmeter, 700 kroner per kubikkmeter.
Pris og betaling
Betalinga skjer via kortautomat. Velkomen!